«Aktualiteten smeller som ekko gjennom «Gjenferdet inn» på Det Norske Teatret, om palestinsk opphav og minner i lys av okkupantenes undertrykkelse»

««Gjenferdet inn» er noe så sjeldent som smart politisk teater»

Ei mektig og sanseleg forteljing frå Vestbreidda om tilhøyrsle, familierelasjonar og kunstens politiske kraft.

Skodespelaren Sonia treng ferie og ønsker berre å komme seg vekk: Frå karrierejaget, ståket i London og kanskje til og med frå seg sjølv? Ho reiser på ferie til søstera i Haifa, der far hennar voks opp. Ho har knapt vore der sidan tenåra og uventa blir ho dradd inn i eit lokalt teaterprosjekt der ei gruppe skal sette opp Shakespeares Hamlet på Vestbreidda.

«Gjenferdet inn»

… eller «enter Ghost» er ei scenetilvising i Hamlet der gjenferdet kjem inn på scenen. Kven og kva er gjenferda for Sonja, og kva prøver dei å seie? I bakgrunnen ulmar demonstrasjonar, kulturkonfliktar, verkande familiehistorier, politiske konfliktar og ei verd i endring. Gjenferdet inn blei skrive før 7. oktober 2023. Handlinga utspelar seg sommaren 2017, idet det blei innført tiltak som ikkje hadde vore sett i verk sidan den andre intifadaen.

Omsluttande oppleving

Handlinga i Gjenferdet inn går føre seg i heile rommet og publikum vil kunne bevege seg rundt. Musikk vil vere eit gjennomgåande element i framsyninga. Musikarane Nawara Alnaddaf og Peter Baden vil spele arabisk musikk og inviterer også til konsert 30 minutt før framnsyninga tek til, og i pausen. Publikum er også oppfordra til å sitte på teppe, og baren vil vere open.

Kritikarrost forfattar

Den britisk-palestinske forfattarens roman frå 2024 tek publikum med rett inn i eit Palestina på randen av krig.
Isabella Hammad (f. 1992) er født og har vakse opp i eit palestinsk nabolag i London. Ho har motteke ei rad litteraturprisar for romanane sine, og har hausta strålande kritikkar. I skrivinga er ho oppteken av å undersøke korleis det er å leve i eit diasporisk tilvære, som ho sjølv og Sonia i Gjenferdet inn gjer.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
- Det vil vere stolar til publikum som har eit særleg behov for å sitte undervegs.
- Det er dessverre ikkje IR-anlegg på denne framsyninga

Palestina­programmet

I samband med oppsetjinga av Gjenferdet inn, dedikerer vi Scene 3 til ei undersøking av dei store spørsmåla om Midtausten. Kva er det historiske bakteppet for krigen mellom Israel og Palestina? Korleis skal verda reagere på den endelause straumen av grufulle nyheiter frå Gaza?

Les meir

Heimsøkt av eigne gjenferd

Seda Witt har fleire gonger laga teater av andre sine liv, men aldri snudd spotlighten over på si eiga historie. I alle fall ikkje på denne måten. For i vår blir det personleg.

Les meir

Popstjerne i Palestina

- Til no har eg kanskje vore litt type-casta. Men denne gongen skal eg vere nokon som er heilt annleis enn meg sjølv, seier Serhat Yildirim, som skal bli palestinsk popstjerne.

Les meir

Teater i motbakke

Å arbeide med kultur på Vestbreidda er uføreseieleg og fullt av hindringar. Det har skodespelar Kyrre Hellum sjølv erfart.

Les meir

Den revolusjonerande krafta i palestinsk teater

Forfattar av romanen Gjenferdet inn, Isabella Hammad, reflekterer over korleis kunst framleis kan skape endring.

Les meir

Kjøp billett

Vel speledato for Gjen­ferdet inn

Finn ut meir