Forbrytar og straff
av Kathrine Nedrejord
Kva er rettferd, og korleis handterer vi brotsverk?
Ei ung kvinne går omkring i Paris og ventar på at saka mot mannen som valdtok henne skal komme for retten. I fire år har ho levd i med såra av det som har hendt henne. Medan ho ventar på rettssaka, bestemmer ho seg for å fortelje, og går inn i det vonde. Tanken på brotsverket ho blei utsett for, og tanken på Han, blir som ein mani.
Ho sluker alt ho kjem over om forbrytarar, åstader og ugjerningar. Tankane spinn kring kven ho er no, kven ho var før, kven overgriparen er. Samtidig pressar eit vilt skrik seg fram frå hennar indre. Eit sinne, ei smerte, ein tørst etter hemn. Ho vil heve stemma for dei millionane av kvinner som aldri har våga å gjere seg høyrlege, og heldt seg stille.
Monolog
Framsyninga er ei dramatisering av romanen Forbryter og straff frå 2022 av Kathrine Nedrejord. Forfattaren opplevde sjølv marerittet ein kveld ho gjekk heim frå fest. På scenen på Det Norske Teatret står skodespelar Kirsti Refseth. Sårbar og aleine. Svenske Julia Marko-Nord har stått på scenen i lag med Refseth på Stockholms Stadsteater som skodespelar tidlegare. No er ho ansvarleg for regien. Marko-Nord meiner Kathrine Nedrejords roman er ei djupt personleg og samtidig universell forteljing om kvinners liv, og om korleis kvinner blir oppfostra i redsle og må bere andres skuld på skuldrene sine.
Kathrine Nedrejord
Kathrine Nedrejord (f. 1987) er ein norsk-samisk forfattar, dramatikar og scenekunstnar med røter frå Kjøllefjord i Finnmark, busett i Paris. Ho debuterte som forfattar med romanen Transitt i 2010. Sidan har ho skrive romanar og teaterstykke for både vaksne og ungdom, og ho har vore husdramatikar ved Nationaltheatret frå 2018-2020. I 2018 gav ho ut romanen Forvandlinga. Den handlar om K., som også er utsett for ei valdtekt, og korleis denne endrar livet hennar. Forbrytar og straff (2022) tek på mange måtar opp tråden etter Forvandlinga, og fekk svært god mottaking av kritikarane. I 2023 blei Forbrytar og straff nominert til Nordisk Råds litteraturpris.
Kjøp billett
Vel speledato for Forbrytar og straff
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar