Eks
av Marius von Mayenburg

Tenk deg at du kjem seint heim frå jobb. Ungane er i seng og partnaren din sit i sofaen, oppslukt av ein engasjerande dokumentar på TV. Så ringer eks-kjærasten. Ho har gått frå mannen sin, og treng husly for natta. Du har kvalar, men lar ho ikkje få overnatte. Partnaren din kan ikkje skjøne at du kvir deg for å seie nei. Like etterpå ringer det på døra.
Daniel og Sibylle lever saman. Han er arkitekt, ho er lege. Erotikk og lidenskap er for lengst erstatta med rot og leikar i stua, foreldremøte og sunt kosthald. Dagane er hektiske, og vaksentida på kvelden kort. Franziska, Daniels tidlegare flamme, bryt ein kveld denne privilegerte middelklasseroa, der ein ulmande frustrasjon ligg og dirrar under overflata. Og med hennar inntog blir både kjensler, ambisjonar, skam og fasadelivet set i spel.
Mørk komedie
Eks er ein mørk komedie som rettar eit kritisk blikk på middelklassens livsløgner. Her blir spøkelse frå fortida ein katalysator for oppgjeret med eit dødt kjærleiksforhold. Med utgangspunkt i ein klassisk familiekonstellasjon leikar den tyske samtidsdramatikaren Marius von Mayenburg med den psykologiske thrilleren, i tett slektskap med nordiske storleikar som Ibsen, Norén og Bergman.