Sensasjonelt bra... internasjonal klasse

Terningkast fem

Teaterjam fra helvete

VG

Storslagent og helstøpt teater

Vårt Land

Eirik Stubøs genistrek av ei musikalsk teaterframsyning blandar familietragedie med liveframførte jazzlåtar.

Kritikarjubel og to Heddaprisar følgde i kjølvatnet av premieren i 2012. Vi får eit gjensyn med framsyninga med nokre få eksklusive framsyningar i samband med HEDDADAGENE, 9 – 12. juni.

Knallsterke skodespelarprestasjonar og ein samspelt jazztrio i scenebildet gir ei gripande og annleis oppleving av Eugene O´Neills lagnadsdrama basert på Orestien av Aiskylos. Torbjørn Eriksen og Gjertrud Jynge stakk av med Heddaprisen for Årets beste mannlege og kvinnlege birolle/medspelar 2012 for sine glitrande og intense rolletolkingar.

Moderne tragedie

Sorga kler Elektra er ein gresk tragedie lagt til moderne tid. Familiedramaet som utspelar seg under den amerikanske borgarkrigen, følgjer intrigen hos Aiskylos. Men der antikkens dramatikar reflekterer grunnleggande endringar i den athenske bystaten, er det hos O’Neill det tidlege 1900-talets interesse for psykoanalysen og det uutgrundelege, svarte undermedvitet vårt som gir handlinga dramatisk tyngd.

Finn ut meir