Terningkast fem

«Strålande god skogsvirrar»

Terningkast fire

«både morsom, indelig og dypt menneskelig»

«Scenografien og det musikalske arbeidet til Sjur Miljeteig bidrar til en fortettet atmosfære som kler teksten til Jon Fosse, i en godt avstemt iscenesettelse av Miriam Prestøy Lie»

Ein ung man set seg i ein bil og køyrer av garde. Kor skal han? Kva vil han? I svarte skogen inne er eit heilt nytt skodespel skrive for Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret.

Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorvei, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter- til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finne hjelp.

I svarte skogen inne er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk».

Framsyninga blir sett i scene av Miriam Prestøy Lie. Saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad, lar ho stykket utspele seg i eit omsluttande scenerom. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen.

Produsert av Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen.


Det visuelle uttrykket er laga av kunstnar Nikolai Torgersen

Kjøp billett

Vel speledato for I svarte skogen inne

  • Oslopremiere - Fossefestivalen 2023
    Ledige billettar
  • Fossefestivalen 2023
    Ledige billettar
  • Oslopremiere - Fossefestivalen 2023
    Ledige billettar
  • Oslopremiere - Fossefestivalen 2023
    Ledige billettar
  • Oslopremiere - Fossefestivalen 2023
    Ledige billettar

Finn ut meir