Er det lov å ete godteriet til nokon andre, dersom du er veldig, veldig svolten?

Hans og Grete blir forlatne i skogen og finn ikkje vegen heim igjen. I staden finn dei eit hus som er laga av kaker, godteri og sukker. Dei svoltne barna begynner å ete av det smakfulle huset, men det viser seg at det er ei vond heks som bur der. Ho tek barna til fange. Grete må vere hushjelp, og Hans blir sett i eit bur og feita opp. Han skal etast.
Korleis skal dei lure heksa og komme seg heim igjen?

Eventyr

Eventyret om Hans og Grete er eit av dei mest kjente folkeeventyra, med røter tilbake til mellomalderen. Ein finn ulike variasjonar av det fleire stadar i verda, men versjonen til brørne Grimm, frå 1812, er truleg den mest kjente. Eventyret tek opp i seg tema som fattigdom, svelt og barn som blir vanskjøtta, og introduserer den vonde stemora som arketype.
Regissør for framsyninga er Charlotte Frogner.

«Alt er gratis*»

Framsyninga Hans og Grete er ein del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettane blir lagt ut ei veke før speledato.

Kjøp billett

Vel speledato for Hans og Grete

  • Premiere
    Gratis

Finn ut meir