Ingrid Jørgensen Dragland
debuterte ved Rogaland Teater og spelte Sally Bowles i Cabaret der før ho blei knytt til Det Norske Teatret frå 1997.
Ved Det Norske Teatret har ho medverka i ei rekke musikalar som til dømes Tom Waitz’ The Black Rider og Woyzeck. Ho har òg m.a. vore med i musikalane Evig ung, Spelemann på taket, Kan nokon gripe inn, Edda, Jesus Christ Superstar, Tolvskillingsoperaen, Into The Woods og Lazarus. Ho har òg spelt store Ibsen-roller som Fruen fra havet og Hedda Gabler. I Peer Gynt i 2018/2019 spelte ho Mor Aase. Ho har òg vore å sjå som Oddfrid i NRK-serien Lykkeland. Dragland har produsert musikalske soloframsyningar med band. Hausten 2018 debuterte ho som dramatikar med Yogakrigen ved Sogn og Fjordane Teater. Ho har òg levert tekstar til Heim 1 og Heim 2 ved Hordaland Teater i Bergen. I 2022-23 var ho husdramatikar ved Dramatikkens hus, og hennar stykke I desse dagar hadde premiere ved Det Norske Teatret hausten 2023.
Aktuell med
Den uendelege historia
Tidlegare framsyningar
| 2025 | Once | Baruska |
| 2025 | Arv og miljø | Astrid |
| 2024 | Spynorsk. The Musical. | Berit, ensemble |
| 2024 | Biten av musikal | |
| 2024 | Jazz på nynorsk | |
| 2023 | Tryllefløyta | Tredje dame |
| 2022 | Into the Woods | Jacks mor |
| 2021 | Gå | |
| 2021 | Dekameronen 2021 | |
| 2020 | Bienes historie | Emma mfl. |
| 2020 | Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk | |
| 2019 | Lazarus | Teenage girl |
| 2019 | Oslo | Marianne Heiberg, svensk vertinne |
| 2019 | Leve hemmeleg | |
| 2019-2020 | Charlie og sjokoladefabrikken | Fru Bucket mfl. |
| 2018 | Kimen | |
| 2018 | Peer Gynt | Mor Åse |
| 2017 | Kan nokon gripe inn | Sorgfrid |
| 2016 | Som lauvet i Vallombrosa | Sonja |
| 2014 | Det merkelege som hende med hunden den natta | Judy, mor hans / Fru Shears, nabo |
| Den kvite pesten | Ein professor, Ein departementsmann, pestfengd, Mora |