Ei eventyrleg forteljing om fantasiens kraft, og betydninga av å tru på seg sjølv.
Vi møter den 11 år gamle guten Bastian (spelt av Ina Svenningdal) som gøymer seg på eit teater for å sleppe unna mobbarane sine. Der finn han boka Den uendelege historia, om det magiske landet Fantásia som er i ferd med å gå til grunne. Bastian blir dregen inn i historia, og oppdagar sin eigen styrke når han plutseleg er helten i historia. Det blir opp til han å redde landet frå undergangen. Men på vegen risikerer han å miste kontakten med verkelegheita.
Barnleg fantasi
Den uendelege historia undersøker krafta i barns fantasi. For det ein saknar i den verkelege verda kan ein finne i litteraturen. Men det kan også bli ei flukt frå viktige eller vonde utfordringar ein sjølv har i livet.
INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Dette er ei familieframsyning som passar for barn frå 8 år og oppover.
Framsyninga varar i 2 timar og 40 minutt, inkludert 20 minutt pause.
- Visste du at det er billegare billettar tysdag - torsdag på familieframsyningar? Barn/student: 275,- // Honnør/OBOS-medlem: 440,- Ordinær: 550,-
- Fredag - søndag: Barn/student: 325,- // Honnør/OBOS-medlem: 520,- Ordinær: 650,-
Klassikar i barnelitteraturen
Boka er skriven av Michael Ende og blei utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein superhit.
Kjøp billett
Vel speledato for Den uendelege historia
-
Utseld
-
Utseld
-
Få billettar
-
Få billettar
-
Få billettar