Musikken spelar sjølve hovudrolla i musikalen som tok Broadway med storm. Once handlar om musikkens kraft i møtet mellom to kvardagsmenneske.

Once er ein litt annleis musikal, der musikken har ein naturleg plass og kjem til live framfor auga til publikum. Gatemusikanten Guy har mista trua både på musikken og kjærleiken. Til dagleg jobbar han på farens støvsugarverkstad, men dagane er monotone. Mesteparten av tida tenkjer han på eksen, som har flytta til New York. Ein dag han står på gata i heimbyen Dublin og spelar ei låt han har laga til henne, kjem aleinemora Girl forbi. Ho blir fullstendig trollbunden av låta hans, og møtet dei imellom gir han lysta tilbake på både musikken, kjærleiken og livet. Med det kvervlar dei to inn i eit musikalsk kjærleikseventyr der dei uttrykker alt dei ikkje kan seie til kvarandre gjennom irskinspirert folk og rock.

Hit-musikal

Den jordnære historia og den upolerte musikken, framført live på scenen av skodespelarane sjølve, har bergtatt publikum og treft dei midt i hjartet. Musikalen er basert på filmen Once (2007), der dei to musikkskaparane Glen Hangard og Markéta Irglová sjølve spelte hovudrollene. Songen Falling Slowly, som fekk prisen for beste filmlåt både under Oscar-utdelinga og Critics Choice Awards (2008), er også med i musikalen. Once hadde premiere som teatermusikal på Broadway i 2012, og både publikum og kritikarar har vore over seg der musikalen har blitt vist. I 2012 vann Once heile 8 Tony Award-prisar, blant dei prisen for beste musikal.

Kjøp billett

Vel speledato for Once

Finn ut meir