Karakterane frå Stein Torleif Bjellas låtar blir levande i denne store musikalske satsinga på Det Norske Teatret.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i stasjonsbygningen, som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal komme, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas personar og låtar er ryggrada i teaterstykket Kan nokon gripe inn. Eit band med ein mystisk frontfigur er på veg ut i verda. Kanskje skal dei berre på spelejobb to stasjonar unna? Den unge gravide jenta, med barnevogn på slep var ein gong den mest populære. No ventar ho på han som sannsynlegvis er far til barnet i magen. Optimisten går stadig laus på nye håplause prosjekt. No er det erobringa av den gravide jenta som står for tur. Pusling har i godt vaksen alder flytta frå mor si. No søker han kontakt med andre Han ber på ein termos med to koppar. Ekteparet Sorgfrid og Hemnaren kjempar på kvar sin kant med sorga over eit barn dei mista. Han er fly forbanna, ho er på veg bort. Frå han, frå alt?