Terningkast fem

«Når vi reiser oss og gir stående applaus, har vi først og fremst hatt det morosamt»

«godt spel, gode nummer, spretne songar og mykje humor»

«Burlesk og levende og selvironisk og fengende om nynorskens opphav»

Ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys.

Vi er i året 2042, der folket, etter årevis med skjerm i skolen og upålitelege politikarar, har mista gnist, glød, håp og draumar for framtida. I dette trøyttsame universet snublar ei ung kvinne over ei gamal pappeske med bøker, mellom anna ein biografi om Ivar Aasen. Kvinna - med namnet Aase Ivarsen - kjempar seg gjennom innleiinga og dei første sidene, og blir djupt imponert over det ukuelege pågangsmotet og dei skyhøge ambisjonane til den sjenerte, vestnorske språkforskaren. Utan å ha lese boka ferdig set Aase seg føre sjølv å dra i gang eit liknande prosjekt, for å vekke folket frå likegyldigheitas tunge døs. Dermed er det duka for tidenes roadtrip, med ein svært uortodoks versjon av Ivar Aasen på slep.

Det er ei dystopisk framtid Are Kalvø diktar fram. I eit samfunn der ingen lenger engasjerer seg i noko som helst blir det nokså lett for hovudpersonen Aase Ivarsen å bli ei leiestjerne. Men kva er det eigentleg ho leier folk mot? Og korleis er hennar eige forhold til sanninga?

Musikkhumor

I 2015 slo Are Kalvø og Ingrid Bjørnov seg saman og laga den satiriske musikalen Halve Kongeriket: Norsk politikk - The musical. Det var ein kontrafaktisk feelgood-musikal som krinsa rundt bryllaupet til Kronprins Haakon og Mette Marit, med ein god porsjon kjærleik til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Framsyninga vann komiprisen i 2016.

No har Kalvø og Bjørnov igjen foreint krefter, og denne gonger er det Ivar Aasen og den norske folkerørsla som syng og dansar seg inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Are Kalvø har ei eiga evne til å formidle politisk satire på høgt nivå. I ei tid der den eine politikaren etter den andre står fram og fortel om eigen nepotisme, inhabilitet og ymse andre former for karakterbrestar, er Spynorsk ein ytst aktuell musikal om den dobbeltmoralske norske folkesjela. Og om ein innbiten stabukk som ein gong i tida nekta å gje seg før han hadde funne ut korleis ein best kan bøye verbet «å symje».

«På sitt beste, og for det meste, er musikalen Spynorsk en fryd å følge.»

Bli klok på Spynorsk

Lytt til podkasten Språkoppdraget!

Kjøp billett

Vel speledato for Spynorsk. The Musical.

Finn ut meir