av David Bowie og Enda Walsh

Ei av David Bowies siste gåver til fansen. Basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Poetisk science fiction

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden - med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

Meister i forvandling

Bowie var ein meister i forvandling, i fornying og i å skape karakterar som prega musikkscenen frå 60-talet fram til hans siste musikkvideo. Look up here, I’m in heaven, syng han profetisk frå sjukesenga, 3 dagar før han gjekk ut av tida. Han som formidla kunsten sin gjennom ulike figurar som Ziggy Stardust, Major Tom, Aladdin Sane og Thin White Duke, sørgde for at teateret fekk del i denne arven gjennom musikalen Lazarus.

Anders T. Andersen skal ha regien på Lazarus, som sidan premieren i november 2015 også har vore spelt i London og i ulike tyskspråklege byar. Med seg har han eit songsterkt ensemble på 8, og eit orkester på 7. Drage Kleiva og Olav Myrtvedt har ansvar for scenografi og kostymene.

Foto: Gavin Evans

Introduksjon før framsyninga


ved Finn Bjelke

DATO: Torsdag 3. oktober kl. 19.15, søndag 6. oktober kl. 15.15, tysdag 22. oktober kl. 19.15, onsdag 23. oktober kl. 19.15, laurdag 23. november kl. 13.45, laurdag 30. november kl. 17.45, torsdag 5. desember kl. 19.45, søndag 8. desember kl. 15.15, torsdag 12. desember kl. 19.45

Finn Bjelkes forhold til David Bowie er kjenslestyrt og svært lite leksikalsk. Han er superfan! Når han no skal introdusere framsyninga Lazarus, blir det ein springande og usamanhengande Bowie-hommage basert på Bjelkes eigne opplevingar og betraktningar. Finn Bjelke er programleiar i Radio Vinyl og har i ei årrekke leia programmet Popquiz. Han har gitt ut fleire humor – og musikkquiz-bøker. Introduksjonen er i Bikuben før framsyninga.

ved Leif Gjerstad

DATO: Tysdag 28. mai kl. 19.15, onsdag 29. mai kl. 19.15, onsdag 6. november kl. 19.15, laurdag 16. november kl. 17.45, søndag 17. november kl. 15.15.

Allereie på 1970-talet blei David Bowie omtala som ein rockens kameleon. Ein artist som bytta image med få års mellomrom, men som uansett stil alltid sto som ein eksponent for det heilt nye. Forfattar og journalist Leif Gjerstad har jobba i musikkfeltet i 40 år, har gitt ut fleire bøker, og driv musikk- og litteraturbloggen LeffesLab. I sin introduksjon til Lazarus tek Gjerstad for seg nokre av kapitla i Bowies karriere, frå glamstjerne via Berlin-epoken til comebacket på 2000-talet. Introduksjonen er i Bikuben, er gratis og open for alle.

ved Arivd Skancke-Knutsen

DATO: Laurdag 24. august kl. 17.15, torsdag 29. august kl. 19.15.

Arvid Skancke-Knutsen er rockhistorikar og skriv fast for Klassekampen og Ballade. Han har også skrive fleire bøker om musikk, inkludert større tekster om Leonard Cohen, Motorpsycho og Seigmen. På INNSIKT kan du mellom anna høyre Skancke-Knutsen snakke om Bowie som alien, og som den fremste skaparen av songar om romalderen. Introduksjonen er i Bikuben, er gratis og open for alle.

TEATERPODDEN MED TORGRIM EGGEN

Forfattar og journalist Torgrim Eggen fortel om David Bowie, mannen med tusen ansikt og ein vrimmel av uttrykk.