
Biten av musikal Biten av musikal
Vi opnar boksen med musikalske perler frå ei tradisjonsrik og lang musikalhistorie!
Eit songsterkt ensemble står klart på Hovudscenen for å dele smakebitar frå repertoaret til Det Norske Teatret i denne konsertframsyninga.
Vi har tatt mål av oss å sette saman ein heilaftan med musikk og ord som kling velkjent for den som har eit hjarte for musikalen. Norske godbitar frå kapasitetar som Bjørnov og Monn-Iversen smeltar saman med internasjonale hits frå til dømes Bowie. Og som strøssel dukkar det opp tonar frå Broadway.
Unn deg ein tur til ein av Oslos storstover og nyt denne musikalske konserten i lag med nære og kjære. Det er duka for ein musikalsk festaftan på Hovudscenen!

Møt Geir Kvarme
Som ung gut sat han tårevåt i salen på Det Norske Teatret og opplevde det som skulle bli hans beste musikalminne.
Les meir
Møt Sisi Sumbundu
Sisi Sumbundu har karriere som korist for store artistar og eigen solokarriere bak seg. Og songen som har følgt henne, skal ho få synge i Biten av musikal.
Les meir
Møt Mari Lerberg Fossum
Ho er oppvoksen ved teateret, og no er ho klar for å synge sin favorittmusikallåt på scenen igjen!
Les meir
Møt Espen Bråten Kristoffersen
Han blei sjølv biten av musikal berre ti år gammal, og sidan har det vore berre ein ting som har stått i hovudet på Espen Bråten Kristoffersen.
Les meir