Oslo
av J.T. Rogers
Håpet om at samtale og gjensidig respekt kan bidra til å løyse fastlåste konfliktar.
Teaterframsyninga Oslo er ein dikta kortversjon av historia om Oslo-prosessen. Det er ei historie om uventa samantreff, optimisme for fastlåste konfliktar og politisk spel med hyppig servering av vaflar. Det er også ei forteljing om korleis Noreg fekk ei rolle som internasjonal fredsmeklar, og korleis ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen blei sentrale i arbeidet med ein historisk fredsavtale mellom Israel og Palestina, den såkalla Oslo-avtalen.
Dette var første gongen partane i konflikten møttest ved forhandlingsbordet. Arbeidet gav året etter Nobels Fredspris til dei politiske leiarane i Israel og Palestina. Freden var ikkje langvarig, men sådde likevel eit håp om at det er mogleg å nå fram med samtale. I ettertid har kritiske røyster stilt spørsmål ved heile prosessen.
«Oslo» gjør suksess på Broadway, men dessverre ikke på virkelighetens scene i Midtøsten.
Broadway-stykket om Oslo-avtalen vant den store teaterprisen Tony i helga. «Oslo» er allerede klart for Oslo.
Endelig har noen satt pris på den nå steindaue og bortglemte Oslo-avtalen fra 1993.