Ina Svenningdal
er utdanna ved skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskolen i Oslo (2019).
Ho byrja tidleg med teater, og var første gongen på ein stor scene i Putti Plutti Pott da ho var fem år (2001, 2002). Etter skodespelarutdanninga debuterte ho som profesjonell skodespelar i Indigo Englehår ved Brageteatret i 2019, deretter var ho del av produksjonen Sykt blod. Sidan har ho vore knytt til Det Norske Teatret, og vore del av produksjonane Berenice, Lehmantrilogien, Tolvskillingsoperaen, Tryllefløyta, Kristin Lavransdotter, Into the Woods og Spynorsk. The Musical, i tillegg til Vikla inn i blått og Keeperen og havet. I 2023 hadde ho premiere som Anna i Frost.
Ina Svenningdal har vore med i fleire TV-produksjonar i NRK: Linus i Svingen, Jul i Svingen og alle sesongane av Skam.
Aktuell som Ho i Once.
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
2024 | Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! | Antonia |
2024 | Spynorsk. The Musical. | Vinbyggar, Ungdom, Ivara Aasedotter, ensemble |
2024 | Biten av musikal | |
2023 | Tryllefløyta | Pamina |
2023 | Frost | Anna |
2022 | Into the Woods | Raudhette |
2022 | Kristin Lavransdotter | Ramborg mfl |
2022 | Keeperen og havet | Lena |
2022 | Berre verdas undergang | Suzanne |
2021 | Lehmantrilogien | |
2021 | Berenice | Berenice |
2020 | Tolvskillingsoperaen | Filch, bandemedlem |
2020 | Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk |