Tolvskillingsoperaen gir ein skarp analyse av ein framstormande kapitalisme med sin vekst- og varelogikk.

Her finn du våre korona-tiltak.

Regissør Tore Vagn Lid ønskjer i denne versjonen å rette blikket inn i ei tenkt framtid og i ei mogleg ny verkelegheit der det meste, sjølv nasjonalparkane, er privatiserte, og det meste er til sals. Borte er NSB, NAV, NTB og NRK og resten av ein smuldrande velferdsstat. Arbeidsoppgåver er tatt over av menneskas intelligente løysingar og avatarar har rykka inn, sjølv i teateret. Dei gir stemme til robotane, robotane som ikkje seier nei og som er grenselause.

Framsyninga kan kanskje sest som ein generalprøve på den nye verkelegheita, der forbrukarens påverknadskraft, og i visse tilfelle rettar, ytterlegare har prega samfunnets økonomiske strukturar. Men når omsetjing av sex-dokker alt har vist seg som ein moralsk og økonomisk «game-changer», og dei tradisjonelle prostituerte manar til opprop mot desse nye kollegaene, kva da med tiggarmarknaden?

Lytt til nokre av Tolvskillingsoperaen mest kjente songar. Kven er din favoritt?

Finn ut meir