Unni og Gunni målar
av Anna R. Folkestad
Bli med på ei leiken og koseleg stund med Unni og Gunni!
Billettar kjem for sal!
Unni og Gunni er to gode venner som bur saman i ein iglo. Dei er veldig glade i kvarandre. Unni og Gunni likar godt forandring, og no synest dei det er på tide å friske opp litt. Derfor finn dei fram målarkostar og fargar, og forvandlar den kvite igloen til ein vakker regnboge. Det er gøy! Og det blir veldig, veldig fint!
Det Norske Teatret har late seg inspirere av Unni og Gunni, og vil også friske opp litt. Derfor forvandlar vi foajeen utanfor Scene 2 til eit koseleg lite teater for dei aller minste, der barna kjem tett på skodespelarane og forteljinga. Fleire framsyningar vil bli presenterte her - første framsyning ut er Anna Folkestad sitt søte og morosame eventyr om Unni og Gunni. Velkommen til ei sanseleg teateroppleving!
Passar spesielt godt for barn 0 - 5 år.