Terningkast fem

«topp teater!…det er gøy!»

«Vetle Bergan og Ina Svenningsdal har bøttevis av sjarm og energi i rollene som barn på tampen til tenårene»

«Vill og frisk oppsetning»

Maria Parr er moderne barnelitteraturs superstjerne! Det store gjennombrotet kom med Tonje Glimmerdal som spreidde fart og sjølvtillit gjennom Hovudscenen for nokre år sidan. No tar vi nok ein kjær roman til scenen.

I Keeperen og havet møter vi Lena og Trille og heile kystsamfunnet der ungane boltrar seg høgt og lågt utan altfor mykje innblanding frå dei vaksne. Vi er i utkant-Noreg, med sjøsprøyt, ferjekai og julebukk i orkan styrke.

Lena og Trille er 12 år og bur i den vesle bygda Knert-Matilde. Lena har vore i syden om sommaren, og Trille har hoppa frå det høgste nedpå moloen. Det meste verkar å vere ved det same når siste året på barneskolen skal starte. Men så har det flytta ei ny jente til bygda, som skal starte i klassen deira. Ho er frå Nederland, og Trille synest ho er veldig grei og fin. Det synest ikkje Lena. På fotballen blir ho sett på reservebenken av den nye trenaren, ho er ikkje lenger god nok for gutelaget ho spelar på. For å få stå i mål må ho reise med ferja inn til tettstaden for å trene med jentelaget. Dette får sinnet til å vekse til storm styrke i Lena. Så skjer det ei ulykke i båten til bestefaren til Trille, og han blir nøydd om å ta styringa.

Kjende frå Vaffelhjarte

Trille og Lena er kjende frå Vaffelhjarte, debutromanen til Maria Parr. Keeperen og havet er ikkje ein oppfølgar, men ei frittståande fortsetting frå same univers. Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005, som også blei filmatisert av NRK. Fire år seinare kom Tonje Glimmerdal, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekke internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyri (Heidi-bøkene) og Astrid Lindgren. Parr har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor. Ho er frå Fiskå i Vanylven, og bøkene hennar er inspirert frå hennar eige oppvekstmiljø.

Kjersti Horn har regien og i rollene som Trille og Lena møter vi Vetle Bergan og Ina Svenningdal.
Framsyninga passar frå 8 år og oppover.

Finn ut meir