«Skoleball og klissete pop gjør renessansedramaet Berenice
tragikomisk.»

Klassekampen

Den franske dramatikaren Jean Racine skildrar den kjensleladde konflikten mellom kjærleik og plikt, i dette stykket frå 1670.

Berenice av Jean Racine er eit trekantdrama med priviligerte aktørar. Arvingen til keisartrona i Rom, Titus, og hans royale ven kong Antiokus har begge forelska seg i dronninga av Palestina, Berenice. Ho på si side elskar Titus og blir med han heim til Rom. Antiokus blir ein slags bestekompis for dei begge ved hoffet i Rom, men når keisaren døyr og Titus stig opp på trona, blir ting brått annleis. Berenice og Titus kan ikkje gifte seg, det forbyr romersk lov. Titus må velje mellom plikta si og kjærleiken for Berenice. Kan han risikere at Rom gjer opprør om han lar Berenice bli?

Berenice er et stykke om korleis kjensler og lengt kjem i vegen for plikt og ansvar. Titus, Antiokus og Berenice er alle slavar av kjenslene sine. Kva hjelp vel priviliegar når du ikkje får den du vil ha? Dronninga Berenice har gitt avkall på alt og reist til Rom, der alle hatar henne, for en kjærleik som ikkje er mogleg, Den nye keisaren av Rom Titus sørgjer over faren som nett har døydd, og blir slitt mellom det hjartet hans seier og ansvaret for Roma som no ligg på skuldrene hans. Samstundes kjem deira beste venn Antiokus til palasset for ein siste gong å forsøke det umoglege; å vinne Berenice som han i løynd har elska og dyrka og forsømd sitt kongedøme for.

Med ein samtidig tvist, prega av skoleballets intriger og udøyelege kjærleiksballader, vil Ina Svenningdal i tittelrolla manøvere mellom dei to beilarane med Eivin Nilsen Salte som Titus og Karl-Vidar Lende som kompisen Antiokus. Joachim Rafaelsen spelar dei andre rollene.

«Eg gav deg heilt og fullt det hjartet du vil vrake tok du imot det for å sende det tilbake?»

Berenice
Ina Svenningdal som Berenice og Karl-Vidar Lende som Antiokus.

Diplomoppgåve

Regissør Ivar Furre Aam er utdanna skodespelar frå Akademi for Scenekunst i Fredrikstad og Stockholms Dramatiska Høgskola. Han har spelt roller både i film og teater, mellom anna ved Nationaltheatret, Trøndelag Teater, Black Box Teater og Nordland Teater. Heile vegen har han også vore medskapande i fleire av framsyningane han har vore del av, og også stått for regien sjølv. Berenice er diplomoppgåva hans som bachelorstudent ved regilinja ved Teaterhøgskolen, Kunsthøgskolen i Oslo.

Finn ut meir