Terningkast fem

«En skikkelig skuespillerfest»

Terningkast fem

«En fandenivoldsk dans med Lehman Brothers»

«De kvinnelige skuespillerne skinner i dette stykket: Ane Dahl Torp og Ingunn Beate Øyen er også helt rå.»

Lehmantrilogien  er historia om familien og selskapet som endra verda. Med eit skarpt og nært blikk følgjer vi generasjonar av Lehman-familien fram mot den største økonomiske krisa i historia. Det er ei dramatisk forteljing om immigrasjon, den amerikanske  draumen og  vestleg kapitalisme.    

Ein haustdag i 1844 stig unge Henry Lehman frå Tyskland til kai i det lova landet Amerika. Han eig ikkje anna enn ein draum om å bygge eit betre liv for seg sjølv og familien. Brørne Emanuel og Mayer kjem etter, og saman startar dei ein liten butikk dei kallar Lehman Brothers.

Draumen blir mareritt 

100 år seinare har firmaet deira for lengst vokse seg til eitt av verdas største finansimperium. Aksjeverdiane – i likskap med skyskraparane på Wall Street – har nådd astronomiske høgder. Aksjespekulantane kan ikkje lenger sove og draumen dei tre Lehman-brørne bar på for 163 år sidan er blitt eit verkeleg mareritt. 15. september 2008 kollapsar Lehman Brothers på spektakulært vis og utløyser ei global finanskrise.

Fleirgenerasjons familiedrama

Den italienske forfattaren og dramatikaren Stefano Massini har skrive nærast eit episk dikt om Lehman-familiens oppsving og fall. Gjennom 3 akter blir 164 års historie fortalt, ei historie som er like mykje eit dynastisk drama, ein studie av ein jødisk immigrantfamilies dramatiske vekst og kollaps som eit bilde på farane ved dereguleringa av finansmarknaden.

Høgt prisa stykke

Stykket fekk si uroppføring i Frankrike i 2013. Det er omsett til 24 språk og har blitt spelt på West End i London til strålande kritikkar og kjem i haust også til Broadway i New York. Oppsetjinga i England i regi av Sam Mendes, blei nominert til heile 5 Olivier Awards i 2019, mellom anna for Best New Play. Her heime er det Maren Bjørseth som har regien. Ho har tidlegare vist kløkt i møte med større episke verk og hausta gode kritikkar for m.a. oppsetjinga av Min briljante venninne av Elena Ferrante på Oslo Nye Teater og no seinast for Leksikon om lys og mørke, dramatiseringa av Simon Strangers kjente roman, på Trøndelag Teater.

Finn ut meir