Terningkast fem

«parhestene Dahl og Damerell slutter absolutt ikke å overraske med sine iscenesettelser»

«Tankevekkende og engasjerende om utenforskap»

Tenk deg at du ein dag berre reiser vekk frå alt. Frå mor di, søster di og bror din. Frå huset du vaks opp, frå byen din, vennane dine. Dagane går, vekene, åra. Du lever eit anna liv enn det livet der heime. Så blir du plutseleg sjuk, alvorleg sjuk. Du får ein dødsdom og så dreg du heim igjen for å fortelje alt.

Johannes Holmen Dahl, som nyleg vann Heddaprisen for beste regi for Tid for glede, er i gang med ein eksistensiell og viktig scenetekst, som også har mykje kjærleik og varme i seg. Nia Damerells scenerom vil saman med komponist Alf Lund Godbolts lydspor føre tankane bakover i tid. Til tida da unge, vakre menn døydde av ein uforklarleg sjukdom med eit stigma som gjorde det vanskeleg å vere open om den.

Sterk ensembletekst

Hovudkarakteren Louis blir tolka av Carl Martin Eggesbø. Louis kjem attende til mor si som blir spela av Gjertrud Jynge. Det blir fort klart at det er mange kjensler knytt til guten som berre reiste i frå alt. Broren, spela av Frode Winther har mykje usnakka med bror sin og har i mellomtida gifta seg og fått barn med Catherine som Louis enno ikkje har møtt. Korleis snakkar ein eigentleg saman når ein ikkje har sett kvarandre på mange år? Klarar Louis å fortelje at han snart skal døy?

Jean-Luc Lagarce

Jean-Luc Lagarce (1957-1995) er ein av dei mest spelte franske dramatikarane, men har enno ikkje vore presentert for eit norsk publikum. Lagarce gav ut 25 scenetekstar før han døydde av aids berre 38 år gamal. Men det var først etter sin død at han fekk det store gjennombrotet som dramatikar. I 2015 blei Berre verdas undergang filmatisert av Zavier Dolan og vann Grand Prix og Ecumenical Jury Prize 2016 i Cannes.


Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

Framsyninga er ein del av Det Norske Teatret si satsing i Skeivt kulturår.

Relatert utstilling

Finn ut meir