I dyrtid er gode råd dyre. Men å stele er gratis.

Alt blir dyrare. Matvareprisane. Bustadprisane. Straumprisane. Det er på høg tid at forbrukarane slår tilbake. For kva gjer du når pengane ikkje lenger strekk til? Ikkje betal!

I denne samfunnssatiren blir avmakt til motmakt når husmødrene slår tilbake og sjølv bestemmer kva dei meiner matvarene i den lokale butikken er verdt. Litt hundemat, ein pose linfrø, harehovud. Her er det berre å forsyne seg, i protest mot dei galopperande blodprisane i butikkhylla.

Dario Fo

Den italienske skodespelaren og dramatikaren Dario Fo (1926–2016) skreiv satiriske tekstar og farsar som blir sett opp over heile verda. Tekstane hans hadde gjerne politisk brodd og tok opp sosiale problem i samtida. Typegalleriet til Fo har røter tilbake til gjøglarteateret og commedia dell’arte, han ville at teateret skulle både underhalde og provosere. I Noreg gjorde han stor suksess i 1980-åra, mellom anna med stykket Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje!

I 1997 blei han tildelt nobelprisen i litteratur for forfattarskapen. Akademiet hylla Fo for å utfordre autoritetar og løfte verdigheita til dei undertrykte, slik ein gjøglar frå mellomalderen ville gjort det.

«Alt er gratis*»

Framsyninga Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg ei veke før speledato.

Kjøp billett

Vel speledato for Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje!

  • Gratis

Finn ut meir