Terningkast seks

«...et ni timer langt teatermaraton og en ­bragd, et nytt storverk bygd på et storverk.»

Terningkast seks

«en forestilling vi ikke har sett maken til»

«Unik opplevelse!»

Det er ei kraftanstrenging av dei sjeldne skodespelarane skal igjennom, når Sigrid Undsets storverk om Kristin Lavransdotter blir spelt ut i ei maratonteaterframsyning.

Sara Khorami har si største rolleutfordring når ho gir liv til den mest kjende kvinna i norsk litteraturhistorie. Den intense kjærleikshistoria mellom Kristin og Erlend har fengsla lesarar gjennom generasjonar. Når historia no er blitt blir teater, er uttrykket på scenen rått og moderne, men orda er slik Undset skreiv dei.

Gjenkjennelege dilemma

Trilogien om Kristin Lavransdotters liv, gir ikkje berre ein nøkkel til å forstå mellomalderens samfunnsnormer og mentalitet. Ramma rundt Kristins veg i livet er kjent for kvinner verda over. Ho bryt med samfunnets konvensjonar. 15 år gamal blir Kristin lova bort til Simon, guten på nabogarden. Å bryte alliansen og trasse foreldras vilje for å gifte seg med den villstyrige riddaren Erlend, blir avgjerande for det vidare livet hennar. Ho følgjer hjartet. Kristins og Sigrid Undsets refleksjonar rundt kjærleik, samliv, familieliv og relasjonar til barn, søsken, foreldrer og svogerfamilie står seg like godt uansett tidsalder. Og hennar leit etter ei større meining med det heile, er så universelt ein kan få det.

Sara Khorami, nominert til Heddaprisen for Beste kvinnelege hovudrolle. Joachim Rafaelsen, nominert til Beste skodespelar/medspelar.

«Sara Khorami kviler aldri som ei nærast perfekt Kristin Lavransdotter»

Dei store kjenslene får plass

I Kjersti Horns regi blir dei store kjenslene spelte ut til fulle av eit hardtarbeidande ensemble, og publikum får komme nært på skodespelarane gjennom kameralinsa til Mads Sjøgård Pettersen. Han er på scenen gjennom heile framsyninga og gir tette bilde av alt som skjer, som igjen blir projisert opp på tre gigantiske lerret. Scenograf Sven Haraldsson har strippa det store scenerommet heilt ned, og fylt det med jord, vatn og luft. Mellom sal og scene er det trekt opp ei enorm plastgardin. Bak denne faldar ein usminka versjon av Kristin Lavransdotters liv seg ut gjennom over åtte intense timar. Men for dei som vil sjå dei tre romanverka dramatisert separat, blir desse spelte enkeltvis gjennom hausten.

Sjølv hevda Sigrid Undset at man skriver som en samtidig. Man kan jo bare skrive romaner fra sin samtid, i eit intervju med bladet Urd frå 1909. Kristin Lavransdotter er framleis mogeleg å lese som eit samtidig verk om kvinners liv og lagnad 100 år etter at Undset ferdigstilte siste roman i serien.

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

«Guddommelig teatermaraton»

15. juni kl. 11.30:

Det kan vere fint med ein beinstrekk undervegs i framsyningane. Det er heilt i orden å gå ut og inn av salen utanom dei oppsette pausane, så lenge du tar omsyn til publikummarane rundt deg og skodespelarane som er på jobb på scenen.

Kristin Lavransdotter

Kransen (Del 1)

Kjøp billett berre til den første av dei tre delane av Kristin Lavransdotter. Varar i ca. 2 timar og 15 minutt. Les meir

Kristin Lavransdotter

Husfrue (Del 2)

Kjøp billett til den andre av dei tre delane av Kristin Lavransdotter. Varar i ca. 3 timar og 20 minutt. Les meir

Korset (Del 3)

Kjøp billett til den siste av dei tre delane av Kristin Lavransdotter. Varar i ca. 1 time og 20 minutt. Les meir

«Jesus Maria, for ein kraftprestasjon!»

Tidlegare i vår gjesta Sara Khorami Språkoppdraget. I episoden snakka ho om korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Lytt no!

Pausemat

Showpakker (hotell + billett)

Finn ut meir