Portrett av Ingrid Jørgensen Dragland

Ingrid Jørgensen Dragland

debuterte ved Rogaland Teater og spelte Sally Bowles i Cabaret der før ho blei knytt til Det Norske Teatret frå 1997.

Ved Det Norske Teatret har ho medverka i ei rekke musikalar som til dømes Tom Waitz’ The Black Rider og Woyzeck. Ho har òg m.a. vore med i musikalane Evig ung, Spelemann på taket, Kan nokon gripe inn, Edda, Jesus Christ Superstar, Tolvskillingsoperaen, Into The Woods og Lazarus. Ho har òg spelt store Ibsen-roller som Fruen fra havet og Hedda Gabler. I Peer Gynt i 2018/2019 spelte ho Mor Aase. Ho har òg vore å sjå som Oddfrid i NRK-serien Lykkeland. Dragland har produsert musikalske soloframsyningar med band. Hausten 2018 debuterte ho som dramatikar med Yogakrigen ved Sogn og Fjordane Teater. Ho har òg levert tekstar til Heim 1 og Heim 2 ved Hordaland Teater i Bergen. I 2022-23 var ho husdramatikar ved Dramatikkens hus, og hennar stykke I desse dagar hadde premiere ved Det Norske Teatret hausten 2023.

Aktuell våren 2024 i Spynorsk. The Musical og i Biten av musikal.

Aktuell med

Portrett av Spynorsk. The Musical

Spynorsk. The Musical

Søndag/ 21. apr. 2024/ 16:00
Rolle
Berit, ensemble
Kjøp billett
Portrett av Biten av musikal

Biten av musikal

Onsdag/ 15. mai 2024/ 19:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2023 Tryllefløyta Tredje dame
2022 Into the Woods Jacks mor
2021
2021 Dekameronen 2021
2020 Bienes historie Emma mfl.
2020 Vikla inn i blått  – Dylan på nynorsk
2019 Lazarus Teenage girl
2019 Oslo Marianne Heiberg, svensk vertinne
2019 Leve hemmeleg
2019-2020 Charlie og  sjokolade­fabrikken Fru Bucket mfl.
2018 Kimen
2018 Peer Gynt Mor Åse
2017 Kan nokon gripe inn Sorgfrid
2016 Som lauvet i  Vallombrosa Sonja
2014 Det merkelege som hende med hunden den natta Judy, mor hans / Fru Shears, nabo
Den kvite pesten Ein professor, Ein departementsmann, pestfengd, Mora