Terningkast fem

«I en tid da Duun er nesten utradert fra den kollektive litterære bevisstheten, og hvor et unormert språk kan oppfattes som gammelmodig, vil denne realistiske oppføringen av «Medmenneske» kunne nå bredt ut»

«Uten noen form for halsbrekkende modernisering fremstår stoffet slående relevant»

«Ameli Isungset Agbota ber rolla som Ragnhild med styrke og ro»

Ein gard. Ein unnvikande odelsgut. Ei driftig svigerdotter. Og ein vrang gamlefar som legg seg bort i drifta. Så blir han funnen drepen.

Medmenneske av Olav Duun har fengsla lesarar i snart eit hundreår. I 2026 er det 150 år sidan forfattaren blei fødd. I høve jubileet tar vi fram ein klassikar som stiller nokre evige spørsmål som er like relevante i dag. Har alle det vonde i seg?

I Johannes Holmen Dahl sin regi er Medmenneske blitt ein suggererande, psykologisk thriller. Handlingane til ein kalkulerande svigerfar gjer at hjartegode Ragnhild utfører ei grufull handling.

Tematikken i Medmenneske oppleves skrikende relevant

Samfunn i endring

Medmenneske er lagt til eit trøndersk bondesamfunn mot slutten av 1800-talet, ei tid med store omveltingar. Romanen handlar også om framskritta i bondekulturen og behandlar modernitetens inntog.

På garden Stavsund har dei pensjonerte gardbrukarane Didrik og Tale tatt plass i kårboligen, medan sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild har flytt inn i våningshuset i lag. Dei driv eit kvernbruk i tillegg til den øvrige gardsdrifta, og har så dei klarar seg.

Generasjonskonfliktar

Men gamle Didrik har verketrong og får det for seg at han skal etablere eit kvernbruk i konkurranse med sonen. For Didrik er alle forhold, også dei familiære, forretningar. Han er villig til å gå over lik for å få "sin rette", som han kallar det. Svigerdottera Ragnhild på si side, gjer sitt beste for å redde sin eigen og andre sin familie.

Er det lagnaden, eller blir den slue Didrik offer for sitt eige renkespel? Det vonde drep du ikkje med øks heiter det i Medmenneske. Men Didrik blir drepen, og det med øks.

Handlinga i Medmenneske

Medmenneske av Olav Duun er rik på intrigar og skjulte agendaar. Om du vil førebu deg på det som skjer, kan du lese deg litt opp her. NB: Røpealarm!

Les meir

Det gode mennesket

Kan ein forsvare eit drap? Det skal Ameli Isungset Agbota finne ut av, når ho skal inn i rolla som Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun.

Les meir

Eit ufortent dårleg rykte

- Mi oppgåve er å forsvare Didrik. Han har eit rykte som den inkarnerte vondskapen. Både litteraturvitarar og forlag har vore tydelege der.

Les meir

Innsikt før framsyninga

Velkommen til gratis introduksjon før Medmenneske.

Om drivkreftene i Medmenneske.

7. februar: Kva for rolle speler kjenslene når etikkens grenser blir brote? Velkommen til introduksjon med Marit Aalen.

Les meir

Makt og lagnad

15. mars: Korleis skildrar Olav Duun dei irrasjonelle kreftene som styrer oss? Velkommen til introduksjon om Medmenneske med professor Ronny Spaans.

Les meir

Drøs om Duun

25. februar og 12. mars: Velkommen til Duun-prat før framsyninga, med Inger Johanne Sæterbakk og Siri Løkholm Ramberg.

Les meir

Har alle det vonde i seg?

Kva er det eigentleg som gjer eit menneske godt eller vondt, spør Olav Duun med storverket Medmenneske.

Les meir

Midt i det menneskelege

«Kva var det som fengsla meg med Duun og Medmenneske? Som fanga meg inn så sterkt og momentant at eg aldri har klart å komme laus?» Grethe Fatima Syéd skriv om forfattaren, og forfattarskapen til Olav Duun.

Les meir

Olav Duun

Olav Duun er kjend som ein av dei fremste forfattarane våre, og blei hyppig nemnd som kandidat for Nobelprisen i litteratur. I 2026 er det 150 år sidan Olav Duun blei fødd.

Les meir

Arrangement

I løpet av 2026 vil det vere fleire arrangement rundt om i landet i høve Olav Duun 150 år. Her er noko av det du kan oppleve.

Les meir

Gratis lydbok

Våren 2026 kan du høyre lydboka Medmenneske av Olav Duun heilt gratis. Eit samarbeid mellom Aschehoug og Det Norske Teatret.

Les meir

Olav Duun 150 år

I 2026 er det 150 år sidan Olav Duun blei fødd, og vi er med og markerer 150-årsjubileet. Les kva meir som hender i løpet av jubileumsåret!

Les meir

Kjøp billett

Vel speledato for Med­menneske

Finn ut meir