Bule

I lokala til Det Norske Teatret ligg ein av hovudstadens nyaste og mest spennande restaurantar. 

Om du er svolten før eller etter teaterbesøket, kan vi tilby ein velsmakande teatermeny for gjestar med billettar til framsyningane våre.
Men merk deg gjerne at restauranten også har ein rikhaldig á la carte-meny om du vil leggje kvelden din til restauranten.
I tillegg kan Bule tilby ein gjennomtenkt barmeny av mindre rettar.

Opningstider tysdag til torsdag: kl. 16.00 - 23.00
Opningstider fredag og laurdag:
kl. 16.00 - 00.00
Kjøkkenet stenger kl. 22.00 alle dagar (siste bestilling 21.30)
Opningstider søndag:
Ope to timar før framsyninga startar.

Opningstider i romjula: Ope to timar før framsyningane alle dagar.
Vanlege opningstider i 2026 frå 3. januar.

Endelig et sted som lager indonesisk mat

Større grupper

For å booke bord til fleire enn 10, send ein e-post til:
booking@bule.no

Kva er Bule?

Bule er Oslos einaste spisestad der det indonesiske kjøkkenet er inspirasjonskjelda.

Bak satsinga står Johannes Samsom, som tidlegare har vore kjøkkensjef på Restaurant Omar i København og dei siste to åra kjøkkensjef og medeigar i Kafeteria August. Etter nesten fire år med leianderoller på nokre av Skandinavias mest profilerte restaurantar, tek Samsom no steget vidare med sitt eige konsept. Bule.

Bule kombinerer lidenskapen han har for indonesisk mat med ei nytenkande tilnærming som hentar inspirasjon frå fleire verdenshjørner.

Namnet Bule er eit indonesisk slangord for ein kvit utlending. Ein humoristisk referanse til Samsoms eigen bakgrunn og kjærleik til det indonesiske kjøkkenet.

Opninga av Bule markerer starten på eit ti måneders pop-up-prosjekt i Det Norske Teatret, der Samsom vil utforske sitt kulinariske uttrykk i hjartet av Oslo.