Arrangement Arrangement
Olav Duun-året 2026
I løpet av 2026 vil det vere fleire arrangement rundt om i landet i høve Olav Duun 150 år. Her er noko av det du kan oppleve.
8. januar
Osterøy pensjonistuniversitet, Lonevåg: Olav Duun i dag.
Føredrag av Heming Gujord.
17. januar
Det Norske Teatret, Oslo: Premiere på Medmenneske.
I høve jubileet inviterer Det Norske Teatret, i samband med framsyningane våren 2026, til samtalar, opplesingar og introduksjonar om romanen, og i det heile om forfattarskapen og arven etter Duun. Les meir her.
10. april
Nynorsk kultursentrum, Aasentunet, Ørsta. Olav Duun 150 år.
Føredrag av Grethe Fatima Syéd, høgtlesing og samtale om ordkunst og ettertanke.
Meir om programmet: Sjå www.nynorsk.no
4. mai
Litteraturhuset i Trondheim: Lesesirkel om Olav Duun: Menneske og maktene.
Det siste av fire møte om fire klassikarar. Påmelding marthe@litteraturhusetitrondheim.no
Mai
10.-klassene i Holmestrand får kvar sin dag i Duun-huset (bustaden og skrivestaden til Olav Duun frå 1908) i Holmestrand. Omvising og skriveverkstad. I samarbeid med Den kulturelle skolesekken.
3. juni
Bjerkebæk, i samarbeid med Litteraturfestivalen på Lillehammer:
"Eg er fri som eit anna menneske. Om fridom og samvit i Duuns roman Det gode samvite (1916)." Føredrag av Kaja Schjerven Mollerin.
13. juni
Duun-stemnet i Holmestrand, årvisst sidan 1976, i Duun-huset og hagen. "Eg er fri som eit anna menneske. Om fridom og samvit i Duuns roman Det gode samvite." Føredrag av Kaja Schjerven Mollerin, samtale og musikk. Omvising i forfattarheimen.
19. - 21. juni
Olav Duun-stemnet i Namdalen, på Jøa. Tema: Olav Duun 150 år.
19.06: Opning og festkveld: Lokale kulturutøvarar og urframføring av komponist Terje Adde sitt symfoniske verk Juvikingar.
20.06: Vandring i Olav Duun sitt diktarlandskap med Hildegunn Eggen. Bokbad med Guri Idsø Viken og Maren Barlien. Konsert med Åge Aleksandersen og Trondheimssolistene (kvintett).
21.06: Litteraturseminar: Språkutvikling i kulturen, med Åge Aleksandersen, Grethe F. Syéd, Sylfest Lomheim og Hildegunn Eggen.
Rosenvang teater framfører Medmenneske av Olav Duun.
Program, billettar mm: www.olavduun.no
Arrangør: Olav Duun-stiftinga i Namdalen, torgeirstr@icloud.com
4. - 5. september
Duun-parken i Holmestrand 50 år. Program kjem på www.olavduun.no
21. september
Litteraturhuset i Trondheim: Program kjem på www.litteraturhusetitrondheim.no
23.-24. september
Nord universitet, studiestad Levanger. Olav Duun-konferanse: Program kjem m.a. på www.nord.no
7. oktober
Bergen offentlige bibliotek: Program kjem m.a. på www.bergenbibliotek.no
14. oktober
Alver bibliotek, Knarvik: Duun i 2026. Føredrag ved Grethe Fatima Syéd.
24. oktober
Holmestrand bibliotek: Hundreårsboka (1) Maratonlesing av romanen Straumen og evja (1926).
29. oktober
Holmestrand bibliotek: Hundreårsboka (2). Innleiing og samtale om Straumen og evja.
21. november
Litteraturhuset i Bergen: Olav Duun 150 år i dag!
I samarbeid med Haugesenteret/Nynorsk kultursentrum. Program kjem m.a. på www.nynorsk.no
Meir informasjon om arrangementa og oppdatert kalender finn du på www.olavduun.no.