I Olav Duuns store roman Medmenneske kjem vi tett på den vesle familien som held til på garden Stavsund. Odelsguten Johannes har dratt, og ansvaret kviler no på Håkon og den unge kona hans, Ragnhild. Men gamlefar Didrik turar framleis fram og har sterke meningar om korleis garden og det tilhøyrande møllebruket skal drivast. Han er sta, omsynslaus og nokså utspekulert. Er Håkon veik og tafatt, kua av ein sterk og fritalande far, eller er han berre utmatta av ei kraft han ikkje tør å setje seg opp mot. Kona Ragnhild gjer sitt beste for å mekle mellom ektemannen og svigerfaren. Ho er bildet på det rettskafne, det uredde og det gode. Der dei andre på garden vik unna kårkallen, står Ragnhild rakt.
Det vonde drep du ikkje med øks
Det mest kjente sitatet frå Medmenneske kan ein lese som eit bilde på at det vonde ikkje forsvinn, sjølv om ein forsøker å stilne det. Kampen mellom det gode og det vonde blir med andre ord ikkje vunne utan vidare. Duuns menneskeskildringar er komplekse og skarpe. Med innsikt og nyansar skriv han fram heile karakterar med sterke og svake sider som handlar ut frå kva dei ser som rett og gale. Duun feller ingen dom. Dei moralske spørsmåla han reiser har ingen enkle svar. Nettopp denne dobbeltheita – at eit tilsynelatande godt menneske kan gjere seg skuldig i ei vond handling – står sentralt i dette verket. Det vonde ligg i oss alle. Bør vi gå inn i oss sjølve og spørje kor det mørke i oss ligg?
Diktaren og verket
Olav Duun blei fødd på øya Jøa i Namdalen. I starten av forfattarskapen blei han oppfatta som ein heimstaddiktar. Etter kvart skreiv han seg inn i ein nyrealistisk tradisjon og blir rekna som ein av dei fremste romanforfattarane våre. Gjennombrotet kom med «Juvikingar» i 1918. Det ble første roman i seksbindsverket Juvikfolke. For denne serien var han nær ved å bli tildelt Nobelprisen i litteratur fleire gonger. Medmenneske (trilogi utgitt 1929-1933) blir også omtalt som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Alt i 1937 blei Medmenneske dramatisert for scenen, den gongen av teatersjef Knut Hergel som også hadde regi. Olav Duun sjølv var delaktig i arbeidet med overføringa til scenerommet. Medmenneske har vore sett opp sju gonger tidlegare på Det Norske Teatret og storleikar som Ragnhild Hald, Liv Ullmann, Lise Fjeldstad og Anneke von der Lippe har portrettert Ragnhild. Som kuriosa kan vi nemne at Astrid Sommar spelte Gammelfaster Kvitugla i Medmenneske både under urpremieren i 1937 og i oppsetjinga nærast 40 år seinare, i 1976, da i regi av Pål Schønberg.
Ny versjon i 2026
I 2026 er det 150 år sidan Olav Duun blei fødd. Det Norske Teatret har sidan 30-talet hatt Duun på repertoaret kvart einaste tiår fram til tusenårskiftet. Sist teateret rydda Hovudscenen for forfattaren var da Juvikfolke i regi av Otto Homlung hadde premiere i 2004, det einaste verket som er sett opp i dette hundreåret.
No løftar vi igjen fram Olav Duuns mektige forteljing om mennesket i kampen mellom det gode og det vonde. Regissør Johannes Holmen Dahl har dramatisert Medmenneske på nytt og saman med sin faste scenografpartnar Nia Damerell skal han føre forteljinga opp på Hovudscenen. Ameli Isungset Agbota spelar Ragnhild, medan Geir Kvarme har rolla som Didrik. Preben Hodneland spelar Håkon og Sigrid Kandal Husjord er Tale, svigermor på garden.