Portrett av Thea Lambrechts Vaulen

Thea Lambrechts Vaulen

Thea Lambrechts Vaulen (f. 1994) frå Solund i Sogn og Fjordane er utdanna skodespelar ved Kunsthøgskolen i Oslo (2016-2019).

Ho starta skodespelarkarrieren ved Teatret Vårt i Molde, og var deretter med i regissør Ole Anders Tandbergs versjon av Peer Gynt ved Riksteatret. Ved Oslo Nye Teater hadde ho rolla som Abigail Williams i Heksejakt i Maren Bjørseths regi. Frå 2021 har ho vore knytt til Det Norske Teatret, og har mellom anna vore med i regiduoen Goksøyr & Martens produksjonar Bror (2021) og MomA, i tillegg til regissør Johannes Holmen Dahls urpremiere på Arne Lygres Tid for glede (2022) og Moby Dick.

Thea Lambrechts Vaulen var nominert til Heddaprisen for Beste kvinnelege skodespelar/medspelar for rolla i Tid for glede.

På kinolerretet har ho spelt rolla som Milly Thaulow i filmen Munch, og som Sunna i filmen Armand, ei rolle ho blei nominert til Amanda-pris for Beste birolle for.

Det beste ved å vere skodespelar er å få jobbe med så mange spennande og flotte folk. Ein møter stadig nye menneske og kunstnarlege retningar, og det gjer at ein heile tida lærer noko nytt – ikkje berre om faget, men også om seg sjølv og verda.

Aktuell med

Portrett av Skodespelet

Skodespelet

Torsdag/ 11. sep. 2025/ 13:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2025 Ikkje ein lyd Allis, Framand
2024 Moby Dick Ismael
2024 MomA Anna
2024 Eg føreslår at vi vaknar Rev
2023 Ronja  Røvar­dotter Ronja
2022 Tid for glede Ei ekskone/Ein eksmann
2022 Bror
2022 Olje og vatn
2021 Vinterreise