Bakgrunnsartikkel

Eit ufortent dårleg rykte

- Mi oppgåve er å forsvare Didrik. Han har eit rykte som den inkarnerte vondskapen. Både litteraturvitarar og forlag har vore tydelege der.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Geir Kvarme meiner at karakteren han skal gi liv til no i vår ville ha vore heilt uinteressant dersom han berre var «djevelen sjølv». Jobben hans ligg no i å nyansere bildet, gjere gamlefar i Duuns roman Medmenneske til noko anna enn ein tyrann og mishandlar.
- For så enkelt er det jo ikkje!

Medmenneske er forteljinga om slektsgarden på Stavsund. Det unge paret, Håkon og Ragnhild har tatt over. Mor og far til Håkon, Tale og Didrik, er sett på kår, men Didrik har framleis verketrong og er ikkje heilt nøgd med drifta. Forholda på garden er knapt til å halde ut. Didrik er skarp, kjapp, kontrollerande og ikkje alltid så omtenksam.
- Didrik er utan tvil ein karakter som skapar ein del friksjon og uro rundt seg. Han har, som vi alle, ei historie og ein personlegdom og er ein utspekulert taktikar. Han har drifta eit relativt stort gardsbruk som han på eit tidspunkt har gitt frå seg til sonen, Håkon.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Ein eldre son, Johannes, har dratt til Amerika. Det blir sagt at han ikkje orka å bli igjen på garden, med familien, på grunn av Didrik. Det ligg som eit bakteppe. Didrik angrar seg for å ha gitt frå seg garden for tidleg. Det passar ikkje heilt. Og han har nok inntrykket av at han overlèt garden til ein som det ikkje er nok tak i.

Trivst ikkje som pensjonist

Kva er eit menneske når det ikkje lenger har ei framtid? I det gamle bondesamfunnet var kår måten å ordne pensjon for eldre på. Som regel kunne kårfolket bidra med barnepass eller lettare arbeid, i motyting kunne dei bli buande og fekk fri kost. Hadde garden kårbustad flytta dei dit, men på Stavsund lever generasjonane under same tak. Didrik trivst ikkje i rolla som kårkall. Han vil gjerne ha noko å halde på med og ønskjer å løyse ut denne ordninga. Og det helst i pengar, slik at han kan kjøpe ut eit anna bruk. Geir Kvarme har forståing for at denne tidlegpensjonisten treng nye utfordringar.

- Her har vi altså ein far som ein forventar skal sitje i ein gyngestol og vere nøgd med å vere pensjonist. Men som viser seg å ha ambisjonar som liknar sonen sine, og som er villig til å bruke ganske sterke verkemiddel for å få gjennomslag for visjonane sine. Det blir rett og slett eit helvete på garden der.

Generasjonskonfliktar er ikkje uvanlege, og mange gardsbruk har vore åstad for heftige tvistemål. Ofte er det knytt til odel og ønske om å la eigedommen gå i familien. Men som i tilfellet i Medmenneske kan problem oppstå når den nye familien skal innrette livet sitt, og utvide og omstrukturere drifta.

- Det blir rett og slett eit helvete på garden der.

- Didrik er ein geskjeftig fyr. Han reiser mykje, les mykje og er full av impulsar utanfrå. Gjennom dette blir han merksam på at utviklinga går fortare andre stader i landet. Det er ikkje slik at kårfolket sit uverksame rundt om på gardane.
Ein kan jo tenkje seg korleis dette blir forstått frå ein ambisiøs ståstad. Korleis det er å sjå ein som du kanskje ikkje synest er så eigna, ta over livsverket ditt. At du har gitt det frå deg av plikt, ikkje lyst. Han reknar seg framleis ikkje som ferdig i arbeidslivet.

Verketrong

Anger er del av historia til Didrik. Han er klar til å starte på nytt og ser seg ut eit bruk som tidlegare har høyrt til garden hans og som han selde for å betre økonomien. Han vil bruke vasskrafta her til å starte ein fabrikk. Ein plan også Håkon syslar med.
- Det er ikkje vanskeleg å setje seg inn i den psykiske ståstaden hans. Det er her Duun er moderne, synest eg. Når noko har vore ein vesentleg del av livet ditt, av identiteten din, er det ikkje rart at du nødig gir slepp på det.

Didrik stikk kjeppar i hjula for sin eigen son (Preben Hodneland). Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

- Det er kanskje meir presserande i vår tid og vår kultur, der mykje handlar om å realisere seg sjølv. Duun har eit frampeik her som går rett inn i livet og sjølvforståinga til det moderne mennesket. Og det er jo det som gjer det interessant, å sjå dette frå fleire sider. Det er eit sterkt plott, ein slags krim. Svigerdottera Ragnhild er også ambisiøs. Ho syner jo ei slags forståing for Didrik sitt perspektiv og jobbar iherdig for at det skal bli fred mellom far og son. Men eg trur ikkje ho ønskjer å vere det gode mennesket inn i den relasjonen, og endar altså opp med - planlagt eller i affekt – å rydde svigerfaren ut av konflikten.

Litteratur til å dvele ved

Medmenneske er første del av ein trilogi om folket på Stavsund. Geir Kvarme har tidlegare vore med på adapsjonar av romanar til scenerommet. Det er alltid med ei viss spenning slike flytt skjer.

Didrik forsøker å overtale grandtanta Kvitugla til å testamentere formuen sin til han. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

- I litteraturen kan du spele på andre kvalitetar enn vi kan i scenerommet. Duun er så litterær, kvaliteten ligg i skildringane, landskapsbetraktningane, karakterane sitt forhold til kvarandre og seg sjølv. Vi skal løfte det inn i kroppar, rom og opp på ein scene. Det er utfordrande, men kan også gjere stoffet meir levande og emosjonelt.

Duun beit ikkje heilt på da Geir Kvarme las boka opp igjen i sommar. Men så dykka han ned i stoffet, og da blei det straks langt meir relevant.
- Det er ikkje lettvint litteratur. Vi er ikkje så gode på det i vår tid, det å setje av tid til å finlese eit verk. Dvele ved det du har lese, tillate deg å gå tilbake, sånn litteratur er dette. I teateret går tida, her kan du ikkje bla eller spole tilbake.

- Didrik er villig til å ofre andre menneske for eiga vinning

Geir Kvarme finn at det er lettare å forsvare Didrik enn han trudde. Men det er ikkje alltid. Didrik er villig til å ofre andre menneske for eiga vinning, eit lite sjarmerande trekk, men det er mange rollemodellar å hente inspirasjon frå.
- Det er berre å sjå seg rundt, dei er over alt.

Publisert 10. januar 2026. Sist oppdatert 14. januar 2026.
Toppfoto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.