I 2026 er det 150 år sidan Olav Duun blei fødd, og vi er med og markerer 150-årsjubileet. Les kva meir som hender i løpet av jubileumsåret!

Forfattaråret opnar med premiere på Medmenneske 17. januar på Hovudscenen. Stykket har vore eit fast innslag på repertoaret til Det Norske Teatret, og er ein klassikar i den nynorske teaterarven, ei kraftfull forteljing om både mørk vondskap og menneskeleg godheit.

Duun var ein kritikar-favoritt og fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur. Likevel var han sjølv skeptisk til eigne dramatiske evner. Då teatersjef Haaland ved Det Norske Teatret i 1923 spurde om Duun kunne tenkje seg å skrive for scenen, svara han tørt:

Nei, gubedre, eg har aldri våga med på å skrive noko dramatisk; eg har aldri fått mot til å freiste eingong. Gjer eg den store vondskapen, skal eg få lov å sende Dykk resultatet.

Likevel var han involvert i dramatiseringa av romanen Medmenneske i 1937 – berre to år før han døydde. Sidan den gong har stykket hatt ein sentral plass i repertoaret vårt. Våren 2026 inviterer vi til samtalar, opplesingar og introduksjonar om forfattarskapen og arven etter Duun i samband med framsyninga Medmenneske.

Framsyningar

Medmenneske av Olav Duun

Ny oppsetjing av Duuns storverk på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Kjøp billett

Om drivkreftene i Medmenneske Introduksjon med Marit Aalen

Kva for rolle speler kjenslene når etikkens grenser blir brote? Med Marit Aalen.

Drøs om Duun Introduksjon før Medmenneske

Velkommen til ein Duun-prat før framsyninga. Med Inger Johanne Sæterbakk og Siri Løkholm Ramberg.

Introduksjon 25.2 og 12.3

Drøs om Duun Introduksjon før Medmenneske

Tid: 12. mars kl. 17:00
Stad: Det Norske Teatret

Velkommen til ein Duun-prat før framsyninga. Med Inger Johanne Sæterbakk og Siri Løkholm Ramberg.

Introduksjon 25.2 og 12.3

Makt og lagnad i Medmenneske Introduksjon 15. mars

Tid: 15. mars kl. 15:15
Stad: Det Norske Teatret

Korleis skildrar Duun dei irrasjonelle kreftene i oss? Med Ronny Spaans.

Gratis

Arrangement Duun-året 2026

Duun-ringen har laga eit oversyn over alt du kan oppleve rundt om i landet i jubileumsåret 2026.


Les meir!