På garden Stavsund har dei pensjonerte gardbrukarane Didrik og Tale tatt plass i kårenden.
Didrik har eit stritt sinn. Han føler det er blitt gjort ein urett mot han i fortida, som han skal ha oppreising for.
Eldstesonen deira orka ikkje å leve i nærleiken av faren, og drog til Amerika i staden for å ta over garden.
Yngstesonen Håkon og svigerdottera Ragnhild har tatt over garden og nyleg fått ein son. Ragnhild sjølv er fødd utanfor ekteskap, og det har prega livet hennar.
Dei to driv eit kvernbruk i tillegg til den vanlege gardsdrifta, og har så dei klarer seg, sjølv om Håkon er av den noko tafatte typen. Ragnhild derimot er driftig.
Lea, dottera til Didrik frå eit tidlegare ekteskap, og halvsøster til Håkon, slit med å få endane til å møtast. Ho har ein dårleg mann, det er fyll og drukkenskap og dei risikerer å miste garden sin, Fagerneset, på tvangsauksjon.
Lea oppsøker far sin for å få utbetalt morsarven sin.
Didrik lover å hjelpe dottera, men han ser på dette som ei moglegheit for å realisere sin eigen plan. Han kan byte garden til Lea mot eigedomen til Karl-Albert.
For Didrik er alle forhold, også dei familiære, forretningar.
Han er villig til å gå over lik for å få "retten sin", som han kallar det.
Svigerdottera Ragnhild på si side, gjer sitt beste for å redde både svigerinna Lea og sin eigen familie. Ifølge svigermor Tale er ho godheita i eigen person. Ragnhild er nær sjølvutslettande i gjerninga å hjelpe dei som treng det og gjere godt for fellesskapen.
Ein av dei ho kjenner omsorg for, er barndomsvennen Paul. Han drikk seg ofte for full og hamnar i trøbbel. No har Didrik lurt han til å ta på seg farskapet til barnet til tenestejenta Beate, sjølv om alle veit at Karl-Albert er faren.
Ragnhild og Håkon skjønar kva plan Didrik har for garden til Lea, og Håkon bestemmer seg for å hjelpe søstera. Han gir ho pengane ho treng for å berge garden.
Med det går Didrik sine planar om å flytte frå Stavsund og etablere eit moderne kvernbruk nede på Stranda i knas, og helvete bryt laus.
"Det vonde drep du ikkje med øks" heiter det i Medmenneske.
Men Didrik blir drepen, og det med øks.
Tilbake står den hjartegode Ragnhild, med blod på hendene.