 
                        Preben Hodneland
(f. 1986) studerte ved skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2011 til 2014. Han har også studert ved Complete Vocal Academy i København og William Esper Studio i New York. Etter endt utdanning har han vore knytt til fleire store institusjonsteater før han i 2018 vart fast tilsett ved Det Norske Teatret.
Her har han gjort roller som Mercutio i Romeo og Julie, Raskolnikov, Edouard i Valdens historie, Erlend i Kristin Lavransdotter, Eldste McKinley i The Book of mormon og Asle i Tid for glede. På film og tv har han gjort sentrale roller i Når jeg faller, Heksejakt, Furia og no sist i kinosuksessen Konvoi.
Preben Hodneland mottok Heddaprisen for beste mannlege skodespelar for rolla som Raskolnikov (2019) og prisen for beste mannlege medspelar for rollene som Eldste McKinley i The Book of mormon (2017) og Asle/David i Tid for glede. (2021)
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
| 2025 | Ikkje ein lyd | Kristoffer, Framand | 
| 2024 | Einkvan | Fyrste yngre mann | 
| 2024 | Hedda Gabler | Eilert Løvborg | 
| 2022 | Tid for glede | Eit eg/Eit anna eg | 
| 2022 | Kristin Lavransdotter | Erlend | 
| 2022 | Kransen | Erlend | 
| 2022 | Husfrue | Erlend | 
| 2022 | Korset | Erlend | 
| 2021 | Min venn romvesenet | Roy | 
| 2019 | Oslo | Terje Rød-Larsen | 
| 2019 | Raskolnikov | |
| 2018 - 2019 | Macbeth | Macbeth | 
| 2017 | Valdens historie | |
| 2017-2019 | The Book of Mormon | Eldste McKinley | 
| 2016 | Romeo og Julie | Mercutio | 
