I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med!

I 2026 er det 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. I høve jubileet skal podkasten Leselaget lese dei tre bøkene Medmenneske (1929), Ragnhild (1931) og Siste leveår (1933).

Vi inviterer til tre direkteopptak der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg kvar av dei tre romanane. Kvar episode har ein ny gjest.

Vi vil gjerne ha deg med på denne lesemaratonen!

Anten kan du lese saman med oss, bok for bok, eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast, men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det!

Hent deg ut gratisbillett.

Johannes Holmen Dahl er gjest i første episode av Leselaget: Medmenneske.

Del 1: Medmenneske med Johannes Holmen Dahl

Bikuben 24. februar kl. 17.30

Devel-auga lyste på henne meir levande enn før; dei lo og sa at det vonde drep du ikkje med øks.
(Frå romanen Medmenneske av Olav Duun.)

Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denne sesongen av Leselaget, for å snakke om romanen Medmenneske av Olav Duun. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.

Hent gratisbillett HER.

Ameli Isungset Agbota les Ragnhild av Olav Duun i andre episode.

Del 2: Ragnhild med Ameli Isungset Agbota

Bikuben 10. mars kl. 17.00

Håkon såg at Ragnhild var like bein som før, og like fin i hud og hamlet. Auga var levande dei òg, på lag som før ja, milde og levande. Ja. Og like vel minner ho om eit dødt menneske. Og enno har ho ikkje spurt etter Hallvard.
(Frå romanen Ragnhild av Olav Duun)

Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det går med Ragnhild, når ho kjem tilbake til vonlausheimen, etter å ha sona straffa si. Leselaget les bok to i Medmenneske-trilogien.

Hent gratisbillett HER

Bli med når vi les avslutninga av Medmenneske-trilogien: Siste leveår.

Del 3: Siste leveår

Bikuben 19. mars kl. 18.30

Håkon syntes han hadde sove til no, i alle dei 5-6 åra etter Ragnhild kom heim, det hadde gått så stilt og lykkelig, til han merka her i vinter at han var sjuk. Men da vakna han og såg at han gjekk som ein tust på garen, ein tust for heile bygda. Slikt kom ventelig for ein når ein ikkje var frisk lenger, men dette var sant?
(Frå romanen Siste leveår av Olav Duun)

Bli med Leselaget inn i siste roman i Medmenneske-trilogien. Korleis går det med Håkon og Ragnhild? Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.

Hent gratisbillett HER

Her kan du lytte til sesong 2 av podkasten Leselaget. Da var det Les Miserables av Victor Hugo.