Som 25-åring forlét han utsiktene til eit liv som bonde eller fiskar for å gå lærarskulen i Levanger. Flink på skulen var han; «Du får sei det du då Ole,» sa læraren til han når ingen andre rekte opp handa i timane. Han vart med i det frilynde ungdomslaget i bygda og kom på kant med dei pietistiske foreldra. Det var ikkje fyrst og fremst undervisningskallet som fekk han til å byrje på lærarskulen; det som førde han bort frå heimbygda, var vona om å få bruke meir tid med bøkene.
Viktig for nynorsken
Kan hende var det likevel eit hell at han vart 25 før han flytte frå heimbygda; miljøet Duun skildrar i bøkene sine, er prega av landskapet, karakterane og språket som han kjende frå oppveksten. «Man har kaldt landsmålet for et fattig sprog – læs Olav Duun! Et rikere og skjønnere, mere klangfuldt og malende, et mere lunefuldt og lykkelig instrument for menneskelig ånd, finnes ikke. – Det er et fortreffelig litteratursprog!» Desse linene kjem frå Arnulf Øverland, ein mann som elles ikkje var kjend for å tale målrørsla si sak. Mange har òg peika på den munnlege forteljetradisjonen som ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene til Duun, ikkje minst språkleg. I intervju med Arne Falk i Den 17de Mai 20.11.1926, presenterte han sjølv ein av læremeistrane:
- Eg har hatt ein god lærar i norsk. Det var den gamle kårkallen heime, han Andreas: Dåkk kan slettes ikkj snakk, dåkk som veks opp no, sa han, men det ville berre seie at vi brukte ikkje dativ. For han var setningen alt, ordet inkje. Han smetta jamvel inn tyske ord som han hadde lært av presten. Eg minnes setningane hans og kan reprodusere dei. Eg har alltid kjent meg som ein prest i ei tom kyrkje når eg har følgt læra hans gamle Andreas. Det ser ut til at dei fleste målfolk meiner orda og bokstavane er alt, setningane inkje.
Inspirert av lokal forteljartradisjon
I følgje biograf Bjarte Birkeland meinte barndomsvenen Johannes Olsen Gjeseth at «kårkallen» Duun talar om var ei fri omskriving av fleire gode forteljarar i heimemiljøet.
Faren Johannes og farbroren Henrik var mellom desse; ein annan var Edvard Frendalsvik, den mest kjende skrønemakaren i heimbygda. Etter lærarskulen arbeidde Duun ei tid på Inderøya i Nord-Trøndelag og i Singsås i Sør-Trøndelag, før han flytte til Vestfold. Der blei han buande, og bortsett frå eit par studiereiser til Sverige, Danmark og Tyskland i 1912 og 1914, levde han eit roleg og tilbaketrekt liv som lærar ved Ramberg skole i Botne nær Holmestrand.
I ein rapport til Det kgl. kyrkje- og undervisningsdepartementet etter studiereisa i 1912, skildrar Duun formålet med opphaldet slik: Min plan var at studere vore nabolandes og Tysklands folkelivslitteratur og sammenligne den med deres milieu, med landskap, folk og dialekter. Mellom diktarane han nemner er kjende namn som Gustav Fröding, Selma Lagerlöf og Thomas Mann, men òg ei rad heimstaddiktarar og folkelivsskildrarar vi kjenner mindre til i dag.
Feilaktig utropt som Nobelprisvinnar
Då Aftenposten kunngjorde at Olav Duun var vinnaren av Nobels litteraturpris i 1926, gjorde dei forfattaren ei teneste. Sjølv om det berre nokre timar seinare vart klart at vinnaren heitte George Bernhard Shaw, skapte oppstyret stor merksemd om forfattarskapen. At han ikkje var like kjend som Undset og Hamsun, vart det sagt, kom av at han skreiv på landsmål. Biograf Otto Hageberg vurderer det òg slik at målforma var ei av årsakene til at Aftenposten sin spådom ikkje kom til å gå i oppfylling, korkje i 1926 eller seinare, slik mange trudde han ville.
Ei anna utmerking vart derimot Duun til del; Henrik Steffens-prisen. Fordi prisen kom frå Tyskland og fordi året var 1937, har litteraturhistorikarane lenge vore tause om tildelinga. Olav Duun hadde nær kontakt med den tyske forleggjaren sin, Max Tau – som måtte emigrere til Noreg i 1938. Duun reiste til Tyskland og tok i mot prisen, og ingen kritiske røyster var å høyre. Dette forklarer Hageberg med Duuns eineståande sterke posisjon i norsk litteratur på denne tida.
Artikkelen var opphavleg skrive til programmet for Juvikfolke i 2004. Toppfoto: Anders Beer Wilse
Kjelder:
Otto Hageberg. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys. Det Norske Samlaget 1996.
Bjarte Birkeland: Olav Duuns soger og forteljingar. Det Norske Samlaget 1976.