Portrett av Ameli Isungset Agbota

Ameli Isungset Agbota

Ameli Isungset Agbota (f. 1993) frå Årnes var ferdig utdanna ved Statens Teaterhøgskole i 2016.

Ho debuterte i Løperjenten same år ved Den Nationale Scene i Bergen, og var sidan med i ei rad produksjonar ved DNS. Mellom anna spelte ho tittelrolla i Askepott, Varja i Kirsebærhagen og var del av glamrockmusikalen Hedwig and the Angry Inch og den Heddaprisnominerte framsyninga Arv og miljø. Ho har også spelt i produksjonar ved Haugesund Teater, Det Vestnorske Teatret og Riksteatret. I 2023 var ho nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle for rolla som Julie i Romeo og Julie i Kjersti Horns regi ved Den Nationale Scene i Bergen.

Ved Det Norske Teatret har ho mellom anna hatt hovudrolla som Kunstnaren i Sukker (2025) Ragnhild i Medmenneske (2026).

Ameli har også vore å sjå som Siv i NRK-serien Valkyrien (2017) og Maria i TV2-serien Julestjerna (2021).

For tida er Ameli Isungset Agbota aktuell på Det Norske Teatret i framsyninga 2002 ntoro yume.

Det beste med å vere skodespelar er å jobbe med menneske, og å sette seg inn i andre menneske sine tankar og liv saman med andre.

Aktuell med

Portrett av 2002 ntoro yume

2002 ntoro yume

Tysdag/ 22. sep. 2026/ 19:30
Rolle
Kjøp billett
Portrett av Ei rosin i sola

Ei rosin i sola

Fredag/ 13. nov. 2026/ 19:30
Rolle
Beneatha Younger
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2026 Arv og miljø Ebba
2026 Med­menneske Ragnhild, kona på garden Stavsund
2026 Pelicot-rettssaka
2025 Sukker Kunstnaren
2025 MAGIC MOUSE vs. CAPITALISM Døsné, Dolfi