Bakgrunnsartikkel

Det gode mennesket

Kan ein forsvare eit drap? Det skal Ameli Isungset Agbota finne ut av, når ho skal inn i rolla som Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Ho kjem rett frå prøve. I fleire veker no har Ameli Isungset Agbota prøvd å komme inn under huda på Ragnhild, ungkona på garden Stavsund. Prøvd å forstå kva det er som driv henne. Prøvd å finne ein måte å forsvare henne på. Det er ikkje berre lett.

Ho kviskrar, som om det ikkje er lov å seie desse orda høgt:

- Eg synest ikkje Didrik Dale er så fæl.

Didrik, med aukenamnet «Dævel», er svigerfaren til Ragnhild. Far til mannen hennar, Håkon. I litteraturhistoria blir Didrik gjerne omtala som vondskapen sjølv. Men Ameli er ikkje så sikker.

- Han er jo forferdeleg! forsikrar ho. - Men du kan ikkje drepe nokon berre fordi dei går rundt og «spekulerer», som dei seier…

Og dette er utfordringa skodespelaren står i. Ho tenkjer nemleg at jobben hennar er å forsvare rolla ho speler. Derfor må ho finne ut kvifor Ragnhild til slutt svingar øksa mot svigerfaren.

Kan ein forsvare eit drap?

Ameli Isungset Agbota hadde ikkje høyrt om Olav Duun før ho kom til Det Norske Teatret. No meiner ho Medmenneske er ein bænger! Foto frå prøver til Medmenneske, tatt av Siren Høyland Sæter.

- Ein bænger

Ameli Isungset Agbota er framleis ganske fersk for teaterpublikummet i hovudstaden. Etter at ho var ferdig utdanna frå teaterhøgskolen i 2016, var ho fleire år ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho var del av glamrockmusikalen Hedwig and the Angry Inch og den heddaprisnominerte framsyninga Arv og miljø. I 2023 blei ho nominert til Heddaprisen for rolla som Julie i Romeo og Julie. Ho har også vore å sjå i TV-seriane Valkyrien og Julestjerna.

I 2025 kom Ameli til Det Norske Teatret, og her har ho spelt i dei to nyskrivne stykka Sukker av Linda Gathu og MAGIC MOUSE vs. CAPITALISM av Tani Dibasey. No er det altså ein gammal klassikar ho skal bryne seg på.

- Eg hadde ikkje høyrt om Medmenneske og Olav Duun før eg kom hit. Men mamma var veldig begeistra, da ho fekk vite at eg skulle spele Ragnhild, ler Ameli.

- Men i løpet av prøvetida har vi jo dykka djupt inn i denne boka. Ein dag kom Mohammed, som speler Paul, og sa: «Den boka, ass! Ein bænger!» Og det er sant! Medmenneske ER ein bænger! Duun skriv så bra! Det mellomrelasjonelle er sjukt godt skrive. Ikkje berre korleis han skriv om menneske, men også korleis han skildrar naturen.

Sidan urpremieren i 1937, har denne bængeren vore eit regelmessig innslag på repertoaret til Det Norske Teatret. Rolla som den gode og velmeinande Ragnhild er tolka av fleire av dei store skodespelarane våre: Liv Ullmann, Lise Fjeldstad, Ragnhild Hald, Anneke von der Lippe.

No er det altså Ameli sin tur.

Lise Fjeldstad spelte Ragnhild i 1967. Dagmar Myhrvold spelte svigermora Tale.
Medmenneske i 1976, med Ragnhild Hilt som Ragnhild og Torgeir Fonnlid som Håkon.
I 1991 spelte Anneke von der Lippe Ragnhild, og Ståle Bjørnhaug spelte Didrik.
Liv Ullmann spelte Ragnhild i 1963. Finn Kvalem var Håkon.

Vonlausheimen

Det er ikkje eit idyllisk bondeliv Olav Duun skildrar for oss. Medmenneske liknar meir på ein psykologisk thriller der eit snikande ubehag konstant dirrar under overflata. Eit omen om at noko kjem til å skje.

Handlinga er lagt til eit lite, norsk kystsamfunn på slutten av 1800-talet. Ragnhild og Håkon har tatt over familiegarden på Stavsund, og dei har eit lite barn. Men i kårbustaden er svigerforeldra Didrik og Tale. «Vonlausheimen», blir garden kalla. Ein heim der det ikkje finst håp.

- Stemninga på denne garden er ikkje noko særleg. Det er Didrik som er rota til – om ikkje alt vondt, så – alle konfliktane på garden. Folk er litt redde for Didrik, trur eg. Den eldste sonen, som eigentleg hadde odel, har reist til Amerika. Vekk frå far sin.

Tilbake sit Håkon. Men mellom han og faren har det blitt ein bitter kamp mellom ulike generasjonar og ulike personlegdommar. Spørsmålet er kven som skal bygge eit moderne kvernbruk og sag, og føre den nye tida inn i bygda. Didrik skyr ingen middel for å oppnå det han vil. Han skaffar seg fiendar uansett kor han snur seg. Ikkje minst sin eigen son.

Ved urpremieren i 1937 var det Ragnhild Hald som spelte Ragnhild. Johan Nylund var ektemannen Håkon.

Ragnhild den gode

Midt i dette står Ragnhild, og prøver så godt ho kan å få alle til å vere vener og vel forlikte. Ho prøver å sjå det gode i folk, også i svigerfaren. Det er mykje i Ragnhild Ameli kan kjenne seg igjen i.

- Etter at eg blei vaksen sjølv, synest eg det er fascinerande at vaksne folk ikkje klarar å snakke til kvarandre på ein all right måte. Når eg møter sånne menneske, tenkjer eg «skjerpings», og det trur eg Ragnhild også gjer. Ho er på ein måte tøymjuknaren i familien. Ho prøvar å mjukne opp forholdet med svigerforeldra, med Håkon, og eigentleg alle i dette universet. Ho er eit menneske som har trua på at folk vil kvarandre vel. Kanskje det er det som til slutt tar knekken på henne?

I tillegg til denne store trua på det gode i menneska, har Ragnhild også ei religiøs tru som står sterkt i henne.

- Ragnhild er litt ekstraordinær. Ho trur på noko som er større enn henne sjølv, og tenkjer ho har ei direktelinje opp til Gud. Når ho tidlegare i livet har vore utsett fori vanskelege situasjonar, har ho bedd til Gud, og så har det løyst seg.

Desto meir sjokkerande er det at nettopp den gode, snille Ragnhild endar opp som drapskvinne. Ei handling folk har prøvd å forstå sidan boka kom ut for snart hundre år sidan.

- Det er fascinerande at vaksne folk ikkje klarar å snakke til kvarandre på ein all right måte, tenkjer Ameli Isungset Agbota. Foto: Pernille Sandberg.

Å ta eit liv

Ameli har tenkt mykje på det. Kanskje er det nettopp godheita hennar, omtanken for andre, som blir Ragnhilds bane. Ho ofrar seg sjølv. Håkon kan verke litt veik og unnvikande, spesielt i møte med faren. Men Ragnhild ser at det bur noko meir i Håkon.

- Han er kanskje fødd i feil tid? Litt motvillig måtte han ta over garden da broren drog. Det er jo litt trist å vere ein bonde som ikkje toler å sjå blod, men det er han. Håkon er eit kjenslemenneske. Han er full av idear og er ein gründer som ser utviklingsmoglegheiter. Han seier kanskje ikkje så mykje, men har desto meir på innsida. Eg trur Håkon hadde passa betre i vår tid.

Når Didrik stikk kjeppar i hjula for planane Håkon har for garden, forstår Ragnhild at dette ikkje kjem til å gå. Om ikkje ho gjer det, så kjem Håkon til å gjere det. Derfor drep ho svigerfaren med øksa.

- Eg trur ikkje det er eit aktivt val. Det er mykje som har bygd seg opp over lang tid, som ein konsekvens av å bu på den garden. Sjølve handlinga er ei impulshandling, trur eg. Etterpå klarar ho å forsone seg med at sånn blei det. Eg trur også ho må tenkje det, for å kunne leve vidare med det ho har gjort.

Ragnhild tenkjer at ho ofrar seg for mannen sin. Men Håkon blir ikkje glad, slik ho hadde trudd. Han meiner at ho må melde seg til politiet og ta straffa si.

- Det er beinhardt! Men det er jo rett, for ho har jo tatt livet av eit menneske.

Medmenneske?

Kanskje blir Vonlausheimen ein betre stad å bu når Didrik Dale er borte. Men det har ein høg pris. Ragnhild må i fengsel, og forlate mann og barn, med eit liv på samvitet.

«Alt skal berast som ein får på seg lagt», tenkjer den religiøse Ragnhild. Ameli, som sjølv ikkje har ei gudstru, må finne andre motiv for å forstå rolla ho speler. Kanskje Olav Duun skulle hatt eit spørsmålsteikn bak tittelen på boka si?

- Kva er eit medmenneske? Ragnhild er jo tilsynelatande eit medmenneske, men kanskje ikkje når det kjem til stykke? Kanskje det å vere eit medmenneske også handlar om å ta vare på seg sjølv? Kanskje Ragnhild ikkje er god nok til det. Sjølv om eg gler meg veldig til dette, gruar eg meg også litt. Det er store kjensler eg skal inn i. Store spørsmål. Det er både gøy, fælt og utfordrande på same tid.

Så legg ho til:

- Men eg synest det er lett å forsvare Ragnhild. Eg forstår kvifor ho gjer det ho gjer. Kanskje ikkje da eg las boka første gongen, men det har skjedd ei utvikling. No synest eg ikkje det er vanskeleg i det heile.