Notis

Gratis lydbok

Våren 2026 kan du høyre lydboka Medmenneske av Olav Duun heilt gratis. Eit samarbeid mellom Aschehoug og Det Norske Teatret.

Våren 2026 kan du høyre Medmenneske som lydbok - heilt gratis!

No kan du høyre Medmenneske som lydbok!

I Medmenneske møter vi bonden Håkon, den unge kona Ragnhild - og svigerfaren Didrik Dale. Didrik er inkarnasjonen av vondskap og intrigemakeri. Boka handlar om det innfløkte tilhøvet mellom godt og vondt i menneskelivet, og Ragnhild må sanne at "det vonde drep ein ikkje med øks".

Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret. Den er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av at det i 2026 er 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. Det Norske Teatret speler Medmenneske på Hovudscenen.

Det er Magne Olav Brevik som les lyboka.

Del 1 av lydboka Medmenneske av Olav Duun.

Del 2 av lydboka Medmenneske av Olav Duun.