Bakgrunnsartikkel

Teatervåren 2022!

Ny teatersesong er i gang. Planlegg kva du skal sjå alt no!

Konsert? Teater? Kostymefest? Dansegolv?

Ja, takk, gjerne, kvitterer Belinda Braza som debuterer som regissør på Hovudscenen med stykket Semper Eadem. Skodespelar og artist Mimmi Tambas album med same tittel er utgangspunktet for framsyninga som er ei musikalsk og pumpande hylling til alle som tør å sprenge grenser. På scenen står Mimmi Tamba i lag med Heidi Gjermundsen Broch, som blir både spegelen og motsatsen til seg sjølv. Fem dansarar og eit røfft scenerom omsluttar identitetskampen som går føre seg mellom dei to karakterane som eigentleg er ein og same person.

Urpremieren er 14. januar på Hovudscenen.

Barna er håpet

Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, og om livsmot, venskap og å vilje forandre verda. Barna er håpet vårt, dei kan kanskje finne ei løysing på fastlåste konfliktar - det treng vi kanskje meir enn nokon gong å bli minna på om?

Premiere er 4. mars på Hovudscenen.

Tryllefløyta

Gjer deg klar for Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing.

Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Det blir mange forviklingar og humoristiske innslag til nyorkestrert musikk og kjente operahits!

Premiere 22. april på Hovudscenen.

Kjærleiken er ikkje øyremerkt dei unge.

Nesten 40 år etter at dei opna Hovudscenen skal Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen gå inn i rollene som Romeo og Julie. I bagasjen har dei nesten ein menneskealder av erfaring med kjærleiken og livet. Shakespeares kjærleiksdrama er det same, men mykje er likevel annleis når alder er snudd på hovudet.

Romeo og Julie har premiere 13. januar på Scene 2.

Ei kvinnes kampar og forvandlingar

Edouard Louis’ portrett av mora blir i Kjersti Horns regi sett opp på Scene 2. Han hugsar ei undertrykt kvinne som oppdrog fem ungar i fattigdom. Som vaksen bryt ho opp i ønske om eit liv i fridom. Kjersti Horn har tidlegare ført tre av Louis’ romanar og essay over til scenen – med stor suksess. Også denne gongen står Emil Johnsen på rollelista, saman med Sigrid Husjord.

Ei kvinnes kampar og forvandlingar har urpremiere er 17. februar på Scene 2.

Sporv og engel – to ikon, to verder

Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Dette er forteljinga om vennskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf. Ein vennskap dei klarte å halde skjult for omverda, trass i stjernestatusen deira.

Sporv og engel har premiere 24. mars på Scene 2.

Sluttspel

Fire menneske er fanga i ei slags evigvarande endetid. Det er slutt. Eller det vil seie, nesten slutt. Becketts skildring av det moderne mennesket, håpløysa i livet og meiningsløysa i tilværet finn gjenklang hos Bjørn Sundquist. Med Sluttspel er det fjerde gongen han set i scene eit Beckett-stykke ved Det Norske Teatret, der Beckett-tradisjonen står sterkt.

Karakterane, som fyller dagane med formålslause og repeterande handlingar og venting, blir skildra med humor og eit skarpt blikk for det djupt menneskelege. Jan Grønli er sentral, også denne gongen.

Premiere 19. januar på Scene 3.

Det såkalla heisstykket

Det er Kristi Himmelfartsdag. To dresskledde menn er på veg til eit hastemøte i 85. etasje hos sjefen i det internasjonale våpenfirmaet dei jobbar i. Med seg har dei ei dokumentmappe med nokre hemmelegstempla dokument. Så stansar heisen mellom to etasjar.

Har dei dokument som helst ingen andre bør få auge på?

Det såkalla heisstykket viser med ein god porsjon humor kapitalismens vonde ansikt.

Premiere 25. februar på Scene 3.

Sudden death

Sudden death dreier seg om korleis historiene vi fortel kvarandre om livet – i filmar, i nyheiter, i sosiale og usosiale medium – skapar forventningar som kanskje ikkje stemmer heilt overeins med verkelegheita.

Dramatikar Petter S. Rosenlund har skrive eit humoristisk og absurd manus med ein god dose samfunns- og mediekritikk.

Urpremiere 25. mai på Scene 3.

Abdul ≈ Hkeem

Møt personen ”bak” artisten HKEEM. Abdulhakim «Hkeem» Hassane deler historier frå oppveksten – frå han tok sine første barnesteg mellom blokkene på Stovner, til ungdomsåra med store draumar og vegen mot å realisere dei. Om presset frå heimen, frå omverda og forventingane til seg sjølv. For Hkeem er det musikken som gir han meistringskjensle. Ei oppveksthistorie frå Oslo aust med eit særeige og prisvinnande lydspor.

Abdul ≈ HKEEM har urpremiere 23. mars på Rommen scene.

Og du kan framleis oppleve desse framsyningane!