Terningkast fem

«Et morsportrett det er umulig å legge bak seg»

Terningkast fem

«Fortellingen gløder!»

Terningkast fem

«fascinerende og drivende godt teater hvor de visuelle virkemidlene skinner om kapp med skuespillernes sterke innlevelsesevne»

Eit ømt morsportrett.

«Eg finn ikkje dei rette orda for å forklare det, men alt på dette bildet – måten ho poserer på, blikket, hårets rørsler – uttrykker fridom, det å ha ei endeløyse av moglegheiter framfor seg, og kanskje også lykke.»

Forteljinga startar med eit fotografi. Eit bilde av ei ung kvinne. Eg-personen ser eit menneske som er fritt, lykkeleg, i full fart på veg mot framtida. Eit menneske som både liknar og slett ikkje liknar på mora han hugsar frå oppveksten.

Med Ei kvinnes kampar og forvandlingar (Boktittel: En kvinnes frigjøring) har forfattar Édouard Louis skrive eit ømt og skarpt morsportrett. Frå oppveksten hugsar han ei utsett og undertrykt kvinne som oppdrog fem barn i fattigdom. Men nett som sonen har gjort, bryt mora opp. I godt vaksen alder skapar ho seg eit nytt liv.

Emil Johnsen, Beste mannlege hovudrolle 2023.

Fransk forfattarkomet

Édouard Louis suste inn på den litterære scenen i Frankrike med boka Farvel til Eddy Bellegueule i 2014. Boka, som er eit personleg oppgjer med ein vond oppvekst på den franske landsbygda, fylt av mobbing og vald, skapte enorm debatt da ho kom.

Seinare har han utgitt fleire biografiske romanar der han blottstiller seg sjølv og familien, som Voldens historie og Hvem drepte faren min. For Louis er det personlege politisk. Gjennom romanane sine har han mellom anna reist spørsmål om klasseskilje, rasisme og frigjering i det moderne Frankrike, med utgangspunkt i si eiga familiehistorie.

Bok til teater

I Noreg har regissør Kjersti Horn tilrettelagt fleire av bøkene til Louis for scenen i samarbeid med Emil Johnsen. Våren 2023 er det boka En kvinnes frigjøring dei tek for seg: ei historie om oppbrot og forsoning – og lengt etter fridom. I fleire av dei seinare framsyningane til Horn, har ho tatt i bruk utstrakt bruk av direkteoverføring av teater til skjerm, som i Raskolnikov og Kristin Lavransdotter. Denne gongen blir heile framsyninga overført via kamera til scenen. Sven Haraldson er med som scenograf og kostymedesignar, og har denne gongen laga ein naturtru kulisse av eit lite kjøkken. Her lever mora (Sigrid Husjord) sine ganske gråe kvardagar. Ho lagar mat, kokar kaffi, ryddar og vaskar. Imens er det eg-karakteren, spelt av Emil Johnsen, som fortel moras historie.

«Emil Johnsen klarer å holde oppmerksomheten vår fra start til slutt i rollen som sønn, Husjord parerer med en scenisk tilstedeværelse som aldri glipper.»

«Dette er viktig teater som det er verdt å se»

Finn ut meir