Terningkast seks

«Gudbenådet om gudspartikkelen»

Terningkast fem

«Forestillingens store styrke er Tindberg selv, som er en mester i formidling»

«Svein Tindberg har en unik evne til å fortelle historier»

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større.

Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

I Bibelen står det: I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Eller starta alt, som fysikarane seier, med eit smell?

Foto: Magnus Skrede
Foto: Magnus Skrede

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen samarbeider igjen om eit framsyningsprosjekt. Dei har teke for seg Markus-evangeliet, Apostlanes gjerningar og Abrahams barn tidlegare. No tar dei for seg temaet tru mot vitskap. Må ein velje?

Svein Tindberg har ei rad soloframsyningar på samvitet. Korleis klarer han å hugse så mykje tekst?

Finn ut meir