Haugtussa
av Arne Garborg
Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Miljeteig.
Fengslande eventyr for vaksne
Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser.
Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.
Heller vil eg
med augo sjå
enn blind og dauv
gjennom verda gå
og ikkje det sanne skilja


