Ei forteljing om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne.

Den natta Ronja blir født, slår lynet ned i Mattis-borga og deler den i to. Ronja Røvardotter er dotter til røvarhøvdingen Mattis, og ho veks opp midt i røvarbanden som det einaste barnet. Men så flyttar erkefienden til Mattis, Borka og røvarbanden hans, inn i den andre delen av borga, og plutseleg er den trygge heimen til Ronja blitt åstad for krangel og bråk. Utanfor borga brenn verda, men likevel vågar Ronja seg ut og tar til å utforske. Ein dag møter ho sonen til Borka, Birk, og dei to blir som bror og søster – til fedrane si store fortviling. For å kunne vere i lag, og som ein protest mot krigen til foreldra, rømmer dei ut i skogen. Blant villvette, grådvergar og rumpenissar vil dei leve i fred med kvarandre. Men kan familiane deira nokon gong legge vekk stridsøksa? Og er det plass til to høvdingar i borga? Kanskje trengst det to modige barn for å skape endring.

Astrid Lindgrens barneklassikar Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, og om livsmot, venskap og å vilje forandre verda.

Mange barn har det som Birk og Ronja

Regissør Catrine Telle ønsker å plassere historia om Ronja i ein moderne ruin med krig og urettferd som bakteppe. Mange barn i verda veks opp under slike forhold i dag. Trass i omstenda blir det leika, levd og danna venskap – også på tvers av konfliktane som går føre seg mellom dei vaksne. I ruinane av krig og død veks det opp tre og blomar.

Tilrådd frå 8 år.

Finn ut meir