Terningkast fem

«Stykket er
så mangetydig og rikt at det bør sees flere ganger – med ulike mengder mjød innabords»

«Selv
om handlingen er absurd, kaotisk, musikalsk og komisk, bygger Utiseta på en
solid og nesten over­raskende klok ­scenetekst»

«Det er jo veldig gøy, og veldig rart»

Studio 2, NRK P2

Tre norner, to nissar, ein kvitorm, to perserkattar og eit myrlik inviterer oss inn i skogen, inn i vår eigen skog. Dei tar oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter vi kan finne der.

I riktig gamle dagar levde vi tettare på naturen, vi var ein del av den. Vi kunne stole på eit teikn i naturen og på innsikter vi sjølve kunne få i samhandling med den. Vi spann forteljingar, mytar og nye verdsforståingar. Vi fann på ritual og festar for å vere nær skapinga av meining, på godt og vondt.

Alle kulturar har spor i seg av eldre kulturar og samanblandingar av dei. Alt kjem frå ein plass. Alle ord, talemåtar, reiskapar, mønster, spor av sed og skikk ein ikkje nødvendigvis tenkjer over. Vi heng saman med landskapa og naturen rundt oss og dei ulike folka som tilfeldigvis har vandra hit gjennom alle tider, som folkevandringtid, jernalder, bronsealder, steinalder og istider, og inn i førhistorisk tid. Vi søker oss langs faktiske og innbilte røter.

Dykk ned i ursuppa

Regissør Lisa Lie jobbar med draumelogikk og andre typar verkelegheitsforståingar som utgangspunkt i framsyningane sine. Ho er inspirert av teoriar om teaterets opphav, av gamle ritual, mytologi og filosofi. Men også av populærkultur og absurd humor. Maja Nilsen sin scenografi bidrar til eit omfattande djupdykk gjennom myrer og himlar. Vi skal reise gjennom morkne verdstre, sokne landskap og mykje anna som dukkar opp når vi grev oss gjennom forteljingane. Uttrykket er raust, scenen renn over av fargar, mytar, referansar og ord, og det heile er like underhaldande som det er skremmande.

Det sceniske verket blir skapt i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet, i eit forsøk på å kontakte det som ligg under og dvelar i både indre og ytre landskap vi omgir oss med. Det er ei form for psykoarkelogiske utgravningar som nyttar både det førestilte og det konkrete for å tenkje nytt rundt kva som kan ha vore og kva som er. Og kanskje kan vi ane konturane av kva som kan bli. Og dei leitar med lys og lykte etter håp i underjorda.

«Det faktum at en prosess som Lies får både finne sted og bli spilt på Scene 2 med et så stort ensemble er i seg selv verdt å applaudere. Det er en risikovilje man sjelden ser på norske institusjoner»

Finn ut meir