Terningkast seks

«Spektakulær! Fantastisk musikalsk! Tankevekkende!»

Terningkast seks

«Denne teaterbragden av og med Mimmi Tamba har umiddelbar klassikerstatus»

«rørande, naken og kraftfull»

Ei pumpande hylling til dei som står i ein stadig identitetskamp med, for og mot seg sjølv, og ein hommage til dei som tør å sprenge grenser!

I Semper Eadem blir vi vitne til ein identitetskamp som blir utkjempa på mange slagmarker. Artist og skodespelar Mimmi Tamba er født i Noreg, men har røter i Senegal. Ho har levd heile livet mellom to kulturar, og har aldri kunna definere seg som heilt norsk. Tamba har livslang erfaring i å bryte med stereotypiar og normer, både når det gjeld kjønnsidentitet, bakgrunn og musikksjanger.

Elisabeth I sitt motto

"Semper Eadem" var mottoet til dronning Elizabeth I og betyr "evig den same". At Mimmi Tamba valde same tittel på sitt debutalbum, er ikkje tilfeldig. I utviklinga av albumet fann ho både trøyst, inspirasjon og motstand i renessansen og i ho som etter kvart blei ei sjelesøster, Elizabeth I. No tar Det Norske Teatret dette rike og symboltunge verket til scenen og lagar ein visuell og eksplosiv konsertversjon med sterk inspirasjon frå den første elisabetanske tidsepoken. Det blir korsett, krinolinar, lysekronar og fargesterkt konsertlys i eit rått, upolert og grunge-aktig konsertuttrykk.

Nominert for Beste musikkteaterframsyning og Beste audiovisuelle design (Torkel Skjærven).

Identitetskamp

Mimmi Tamba er eg-figur i stykket, og på scenen står ho saman med skodespelar Heidi Gjermundsen Broch, som blir både spegelen og motsatsen til henne sjølv. Ein kamp utspelar seg mellom to karakterar, som eigentleg er ein og same person. I denne splitta tilstanden går kampen om “sjølvet” føre seg. To personar blir sett til verda og inn i roller dei blir forventa å oppfylle. Dei skal bere identiteten dei har fått tildelt, og dei blir gode på det. Men kva skjer når dette splitta sinnet blir sett på prøve? Vil det vere mogleg å gjere opprør, å finne eit rom utanfor det ein er tildelt? Og er ein alltid den same personen, sjølv om ein forsøker å vere noko anna?

Belinda Braza har regi på framsyninga. Saman med scenograf Torkel Skjærven, kostymedesignar Unni Walstad og musikalsk leiar Svenn Erik Kristoffersen forsøker Belinda Braza å skape visuelle, sanselege, musikalske og fysiske bilde med stort fortolkingsrom. Materialet byr på sjangeroverskridande musikk, der delar av lydbildet best kan forståast som renessansepop.

Kva er kjernen din når «sjølvet» alltid er under press?

Showpakker (hotell + billett)

Lytt til albumet no.

Finn ut meir