«Nifst, men hysterisk morosamt»

«Med morsomme grimaser gestalter Hellum en mann på randen til sammenbrudd»

Klassekampen

Kvar dag stemplar vi inn i ein samfunnsøkonomi basert på konstant vekst. Om vi skal ha råd til skiferie i Chamonix, større leilegheit eller meir fritid, det handlar uansett om pengar. Men kva ville skje om det heile gjekk i stå?

Det er Kristi himmelfartsdag. To dresskledde menn av lågare rang er kalla inn til eit hastemøte hos sjefane i det internasjonale våpenfirmaet dei jobbar i. I heisen på veg opp frå kjellaren til 85. etasje i skyskraparen står dei som to spørsmålsteikn. Dei aner ikkje kva som er agendaen, eller kvifor akkurat dei er innkalla til møte. Dei veit berre at det hastar, og at dei skulle ta med seg nokre hemmelegstempla dokument.
Skal dei seiast opp? For kva, dei har jo ikkje gjort noko gale? Eller kanskje dei skal forfremmast? Men dei har da heller ikkje gjort noko ekstraordinært? Og kva er det eigentleg som står i dei hemmelege dokumenta?
Noko stort, noko utanom det vanlege må vere på gang. Men kva?
Så stoggar heisen mellom to etasjar.

– Vi kjem til å døy her inne.
– Ja …
– Stakkars han som skal gjere åstaden rein.

Samtidskommentar med humor

Det såkalla heisstykket er ein sylskarp samtidskommentar som med sarkasme og ein god porsjon humor viser kapitalismens vonde ansikt. På få kvadratmeter spelar ein klaustrofobisk kammerkomedie seg ut.
Kven har høgast rang av dei to mennene i heisen? Har dei blod på hendene, sidan firmaet dei jobbar i, produserer våpen som drep barn i krigar langt unna?
Og … kvifor er det eigentleg politi utanfor bygningen?
Sakte, men sikkert demrar det for dei at det er ei krise i emning. Kanskje bør dei ete dei hemmelegstempla dokumenta før dei hamnar i hendene på myndigheitene?
Irritasjonen, desperasjonen og hatet stig til uante høgder og endar til slutt i eit blodig oppgjer.

Finn ut meir