Sudden death
Av Petter S. Rosenlund

Når verkelegheita bit deg i halen.
Ein mann har nett fått vite at mor hans er død. På veg til tennistrening køyrer han i hel ein katt. Eller? Gjer han det?
Sudden death er ei forteljing om fornekting og livets svikefulle dramaturgi, og dessutan litt om tennis. Det dreier seg om korleis historiene vi fortel kvarandre om livet – i filmar, i nyheiter, i sosiale og usosiale medium – skapar forventningar som kanskje ikkje stemmer heilt overeins med verkelegheita. For korleis skal vi spele rolla som søn, venn, belar, sørgande, politisk engasjert, rettferdig, dyrevenn og angrande syndar når manuset lyg?
Dramatikar Petter S. Rosenlund har skrive eit humoristisk og absurd manus med ein god dose samfunns- og mediekritikk – eit slags verbalt sluttspel mellom Samuel Beckett og Woody Allen.
Obs! Krenkeåtvaring til folk som er veldig glad i kattar.
Toppfoto: iStock/LoulouVonGlup
Kjøp billett
Vel speledato for Sudden death
-
UrpremiereLedige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar