Terningkast seks

«...et ni timer langt teatermaraton og en ~bragd, et nytt storverk bygd på et storverk.»

Terningkast seks

«en forestilling vi ikke har sett maken til»

«Unik opplevelse!»

Opplev den brennande kjærleikshistoria om Kristin Lavransdotter og Erlend Nikolausson i full-lengdformat: alle tre delane i trilogien i løpet av ein dag.

Knapt nokon annan norsk litterær skapnad har rørt så mange generasjonar av lesarar som Kristin Lavransdotter.

Kristin, dotter av storbonden Lavrans, er hovudpersonen i Sigrid Undsets rike romanverk med handlinga lagt til mellomalderen. Vi følgjer Kristin frå ho som lita jente lever bekymringslaust på garden Jørundgard, til ho som nonne slåst mot den grufulle nye pesten svartedauden på Rein Kloster på Fosen. Livet til Kristin inneheld alt frå lyst og begjær og tru og tvil, til trass og skam. Forelskingas makt, lidenskapen, barnefødslane, foreldreskapets utfordringar, ansvaret, oppgjeret med den lettsindige ektemannen, forsoninga, skuldkjensla og fred med Gud – Kristin slit seg gjennom eit liv med store svingingar. Tar ein vekk det laget som høyrer mellomalderen til, vil ein oppdage at mykje fell saman med det moderne kvinnelivet. Eller kjensler og tankar som menneske til alle tider har stått i.

KRANSEN: 2 timar 15 minutt
40 minutt pause
HUSFRUE: 3 timar 20 minutt
20 minutt pause
KORSET: 1 time 20 minutt

Det kan vere fint med ein beinstrekk undervegs i framsyningane. Det er heilt i orden å gå ut og inn av salen utanom dei oppsette pausane, så lenge du tar omsyn til publikummarane rundt deg og skodespelarane som er på jobb på scenen.

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

«Sara Khorami kviler aldri som ei nærast perfekt Kristin Lavransdotter»

«Guddommelig teatermaraton»

Tidlegare i haust gjesta Kjersti Horn Språkoppdraget. Høyr ho snakke om skrekken for å få skrekken, om kvifor regissøren må vere den dummaste i rommet, og om å prate svensk når ein blir sint.

«Jesus Maria, for ein kraftprestasjon!»

Pausemat

Showpakker (hotell + billett)