«Kjersti Horn har en «lindgrensk» måte å nærme seg det vanskelige på (...) Her sitter hvert musikalnummer som et skudd med rytme, dans og iørefallende melodier.»

Terningkast fem

«et vakkert og tankevekkende musikkteaterstykke»

«lykkes i å lage Melkeveiens mest sjarmerende romvesen»

6 år gamle Ellie bur i verdas mest ukoselege blokk, i verdas mest ukoselege by, på den einaste planeten i galaksen der det bur folk, jorda.

Ellie ligg ofte aleine og tenkjer på stjerner og romvesen og alt som kan finnast der ute i det mørke universet. Ein dag høyrer ho mystiske lydar frå attvinningskontainaren utanfor blokka. Kven er det som gøymer seg langt der inne i mørkeret bak melkekartongar og tomme cornflakespakkar? Finst det andre vesen i verdsrommet som også har blitt gløymde av familien sin, og kva skjer når to som før var heilt aleine i universet plutseleg finn ein som er akkurat like aleine som seg sjølv?

Passar for barn frå 5 år.

Finn ut meir