Terningkast fem

Varmblodig og klartenkt

Frisk fjortisforelskelse

Terningkast fem

full av ungdommelig friskhet

Kjærleiken overvinn alt. Også døden.

Romeo og Julie er tenåringar og sprengfulle av kjensler. Dei veit enno ikkje heilt kven dei er, men kjenner seg annleis enn andre. Familiane deira har lege i krig så lenge nokon kan hugse. Ingen veit lenger kvifor. Dei lever begge i byen Verona, i eit overklassemiljø prega av brutalitet og maktspel. Midt i valden og blodsutgytinga finn dei to kjærleiken; Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet. I kvarandre finn Romeo og Julie eit anna menneske som forstår og godtar dei for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre gjer berre tiltrekkjinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ei flukt frå den harde verkelegheita dei er vane med og eit opprør mot foreldra - ei hemmeleg pakt som nesten ingen andre veit om.

Shakespeares Romeo og Julie er ungdommeleg kjærleik. Denne gongen er det Axel Gehrken Bøyum, kjend frå NRK-serien Øyenvitne, og den ferske skodespelaren Kjersti Dalseide som spelar dei unge elskande. Regien er ved Maren Bjørseth, som er utdanna i Nederland. Ho har skapt ei visuell og humoristisk framsyning med vekt på ungdommelege kjensler. Det blir fest med sofistikert housemusikk, discolys, konfetti og maskespel. Og så klart blod – og død.

Alder:
Vi tilrår framsyninga frå 13 år.

Dette er musikken som blir brukt i framsyninga:

Finn ut meir